Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
  • Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.
    Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.

Persontilpasset kreftbehandling: biomarkører i kliniske studier

Ved å tilpasse kreftbehandlinga til den enkelte person vil pasienten i mindre grad bli utsett for unødig behandling, og sjansen for å overleve aukar. Denne kliniske studien skal bidra til meir persontilpassa kreftbehandling ved å undersøkje biomarkørar i flytande biopsiar.

Biobanken samlar inn biologisk materiale frå pasientar som ein del av planlagd prøvetaking under utgreiing, oppfølging/kontroll eller kreftretta behandling. Det aktuelle prøvematerialet kan vere både blod, ulike typar vev, flytande beinmarg eller kroppsveske som til dømes urin, væske frå bukhola eller lungesekken. Ein slik biobank gir oss moglegheita til å studere biologiske faktorar og genetiske variablar hos den enkelte pasienten, for å forstå mekanismar for utvikling av kreftcellene sin motstandsdyktigheit og tilbakefall. På denne måten kan vi oppdage tilbakefall tidlegare, noko som kan føre til tidlegare intervensjon og betre moglegheit for meir målretta og effektiv behandling. Ved å tilpasse kreftbehandlinga til den enkelte, vil pasienten i mindre grad bli utsett for unødig behandling, og sjansen for å overleve aukar.

Bakgrunn for biobanken

Det er ei stor utfordring i kreftbehandlinga at kvar krefttype og kvar pasient er forskjellig. Sjølv innad i ein kreftsvulst er kreftcellene forskjellige, og ved spreiing til andre organ kan dattersvulsten (metastasen) vere annleis enn modersvulsten. 

Det same prinsippet gjeld for pasientar med blodkreft (leukemi) eller annan hematologisk malignitet. Genetiske endringar i kreftcellene kan påverke både effekt av behandling og prognose. Tilgang til nødvendig informasjon om dei forskjellige kreftcellene er ei av utfordringane i kreftbehandlinga. 

For å komme nærare denne informasjonen om kreftsvulstane, må det utførast eit kirurgisk inngrep. I desse tilfella reflekterer biopsien ikkje den reelle variasjonen i kreftcellene. Ved å undersøkje flytande biopsiar i form av blodprøver frå kreftpasientar med solide svulstar, håpar vi å identifisere biomarkørar som kan gi informasjon vi treng for å måle behandlingsrespons, og for å overvake utviklinga av kreftsjukdomen. Hos pasientar med hematologisk kreftsjukdom, ønskjer vi å gjere dette ved å samle flytande beinmarg (aspirat) i tillegg.

I den aktuelle biobanken ønskjer vi å samle biologisk materiale frå pasientar som får sjukdomsretta behandling. Dette gjeld både standard og eksperimentell behandling, både i og utanfor ei klinisk studie.

Kva er ein biomarkør?

I medisin er ein biomarkør ein biologisk indikator som kan fortelje noko om helsetilstanden og eventuelle sjukdomar som føreligg. Det er over 200 ulike kreftformer, og vi har ingen generell biomarkør som kan brukast på alle kreftsjukdomane. 

Derimot har mange krefttypar spesifikke biomarkørar som blir nytta i dagens behandling. Vi treng likevel nye biomarkørar som er meir sensitive og spesifikke, som kan fortelje om kreftcella sin variasjon og sjukdomsutvikling. Det føregår for tida eit intenst forskingsarbeid på dette feltet.

Kva inneber det for deg å vere deltakar i dette prosjektet?

Før du samtykker til å delta i dette prosjektet, skal legen gi deg all nødvendig informasjon. Dersom du ønskjer å delta i prosjektet, må du skrive under på eit samtykkeskjema. Vi vil trenge ekstra prøver frå deg. Desse prøvene prøver vi å ta samtidig som dei andre prøvene for å redusere belastninga for deg. Når du gir frå deg biologisk materiale til denne generelle forskingsbiobanken, betyr det at materialet kan bli brukt til framtidig forsking for å oppnå meir effektiv behandling for din type kreftsjukdom.

For å finne ut kva som har endra seg i kreftcellene, må vi finne ut korleis det normalt ser ut i dine celler. I nokre kliniske studiar vil det derfor vere aktuelt å finne genkoden i arvematerialet i kreftcellene og i dei friske cellene ved sekvensering. Vi kan dermed finne arvelege genvariantar som kan ha betydning for deg og din familie, men vi vil ikkje leite etter slike arvelege genvariantar.

Prosjekt som vil nytte forskingsbiobanken:

Curamir (CR1-02-AML) for AML-pasientar
Graft-Versus-Host-Disease (GVHD)-prosjektet
Quinacrine + Valproat (QC + VPA)-prosjektet
Actinomycin D for AML-pasientar med NPM1-mutasjon
HOVON 156 for AML-pasientar

Kven skal eg kontakte dersom eg er interessert i å donere biologisk materiale til biobanken?

Dersom du er interessert i å delta eller vil finne ut meir om dette prosjektet, kan du ta kontakt med:
Professor og spesialist i hematologi:
Bjørn Tore Gjertsen: bjorn.tore.gjertsen@helse-bergen.no 

Sist oppdatert 30.08.2024