Ut over det bygningsmessige har avdelinga også drifts- og vedlikehaldsoppgåver i høve til avdelingsvist produksjonsutstyr som: Autoklavar, dekontaminatorar, steriliseringsmaskiner, instrumentvaskemaskiner; anlegg for medisinske gassar og medisinsk trykkluft; vassrensing / dialyse og fryserom.
Informasjon om transportanlegget på sjukehuset (pdf)
Våre seksjonar
Bygningsseksjonen
Bygningsseksjonen har ei snekkergruppe, og ansvaret for all drift/ vedlikehald innanfor bygningsfaga ved Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen gjennomfører utanom dette i blant enkelte mindre byggeprosjekt.
Utomhusanlegg med blant anna stell av grøntanlegg og snøbrøyting blir ivaretatt av ei eiga Park & vei-gruppe som og inngår i Bygningsseksjonen.
Dei tre ytre einingane: Voss sjukehus, sjukehuset i Sandviken og Kysthospitalet i Hagevik har kvar sine tverrfaglege grupper som sørger for all teknisk drift og vedlikehald. Desse gruppene er også en del av Bygningsseksjonen.om.
Dokumentasjonssenter
Dokumentasjonssenteret har ansvar knytta til utarbeiding, innsamling, arkivering og vedlikehald av brann- og teknisk dokumentasjon. I tillegg har eininga ansvar for distribusjon av systemnøkler ved Haukeland universitetssjukehus.
Eininga bistår og ved utarbeiding av handbøker og prosedyrar, samt ulike arbeidsoppgåver knytta til internkontroll og kvalitetssikring internt ved Teknisk avdeling.
Elektroseksjonen
Arbeidsstaden Elektroseksjonen er ei av 6 einingar ved Teknisk avdeling. Elektroseksjonen syter for at alle elektrotekniske installasjonar ved Helse Bergen er i god stand og verkar som planlagt til ei kvar tid.
Seksjonen driftar også svakstraumstekniske installasjonar som telefonsentralar, mobiltelefonar, sjukesignal, personsøk, overfallsalarm, brannvarsling og TV- og videokonferanseutstyr.
Det er 22 trivelege tilsette ved seksjonen. Medarbeidarane her har ei løysingsorientert tilnærming til oppgåver og utfordringar. Helse Bergen er ei høgteknologisk verksemd og vi ønskjer at alle medarbeidarar samarbeider på tvers av faggrupper, i seksjonen og ved føretaket elles.
Maskinseksjonen
- Inkluderer og VRIM – vedlikehald på senger og forflytningsmateriell
- Teknisk sentral som i samarbeid med BKK Varme leverer energi i form av varme og damp til HUS sine bygg.
- Herifrå blir det og levert naudstraum når hovedforsyninga frå kraftleverandør blir borte.
- Teknisk vakt tar seg av alle driftsproblem på infrastruktur døgnet rundt.
- Energiteam som overvaker og vedlikeheld alle energikrevjande byggrelaterte anlegg
Transportteknisk seksjon
Transportteknisk seksjon har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av heiser, rulletrapper, automatisk transportanlegg, rørpostanlegg, kassettransportør, truckar, taxitruckar, trekkvogner og trallebane til skorsteinen på Montana.
VVS-seksjonen
Seksjonen har føljande ansvarsområde:
- Rørleggarar som ivaretek all infrastruktur som leverer vatn, avløp og varme.
- Ventilasjonsgruppe som ivaretek drift og vedlikehald av alle ventilasjonsanlegg.
- Gassteam som sørger for at brukarane har trykkluft og medisinske gassar. Teamet tar seg og av rensing av vatn til spesialformål.
- Kjøleteamet har ansvar for all kjøling av tyngre instrument og anlegg på Haukeland universitetssjukehus.
Sterilteknikk
Hovedoppgaven til Sterilteknikk er å sikre at medisinsk gjenbruksutstyr skal kunne benyttes pasient- og personalsikkert mellom hver pasient, samt at verdien av bla. det kirurgiske godset ikke forringes under reprosesseringen, vask/desinfisering/sterilisering. Dette sikres gjennom høy kvalitet i alle ledd av sykehusets dekontamineringspark, samt bakenforliggende tekniske infrastruktur.