Krav til offentlege aktørar

Det vert stilt stadig strengare og meir omfattande krav til aktørar innan områda offentlege innkjøp og gjennomføring av byggeprosjekt.

PRosjektkontoret. Foto.
 

Regelverket er strengt og lyt følgjast. Det inneber m.a. at alle saker må følgje fastlagte rutinar. Det er også sett minstekrav til kor lang tid ein førespurnad kan vare ved før den skal returnerast.

Vidare er det fastsett strenge krav til kjente rutinar og lik behandling. Dette gjer at det tilbodsgrunnlaget som vert sendt ut, både må vere nøye vurdert og vere grundig gjennomarbeida. Desse prosessane tek tid og i nokre tilfelle, kan dette verke uforståeleg for våre kundar.

Også krav til helse-, miljø og sikkerheit har blitt svært forandra dei siste åra. Krava er strengare og dokumentasjonsplikta og ansvaret ligg i all hovudsak på byggherren. Dette er regelverk som vi må halda oss til og som må ivaretakast på ein god måte.