Reisen må vere lenger enn ti kilometer kvar vei, og koste meir enn lokal minstetakst med offentleg transport.
For reiser over 300 kilometer dekkast utgifter tilsvarende billigste
offentlege transport på strekninga, i staden for standardsats per
kilometer.
Du må søke om dekking av utgifter i etterkant av reisa.
Om du ikkje kan reise med offentleg transport, anten av helsemessige eller trafikale årsaker, kan du ha rett på rekvisisjon til tilrettelagt transport.
Ta kontakt med oss på telefon 05515 om du har spørsmål om ei tilrettelagt pasientreise.