Ny funksjonalitet for rekvirerte pasientreiser på helsenorge.no

Du som har ei rekvirert pasientreise kan no avbestille og bekrefte reisa di digitalt.

Sidan 2019 har brukarar av pasientreiseordninga funnet informasjon om dei rekvirerte pasientreisene sine ved å logge seg inn på helsenorge.no.
No kan brukarar også avbestille og bekrefte rekvirerte pasientreiser digitalt, i staden for å ringe Pasientreiser. Dette er funksjonalitet som fleire brukarar har etterspurt, og som gir brukarane større moglegheit til å administrere sine eigne reiser.

Rekvirert pasientreise for tilrettelagt transport - helsenorge.no

Avbestilling av rekvirerte pasientreiser

For å avbestille ei rekvirert reise, må brukaren logge seg inn på helsenorge.no. Det er i houedsak reiser med drosje og Helseekspress som kan avbestillast digitalt, fram til dei er bestilt hos sjåføren. Reiser som alt er bestilt, flyreiser eller reiser der fleire pasientar reiser saman, kan ikkje avbestillast digitalt. Dersom reisa ikkje kan avbestillast digitalt, må brukaren ringe Pasientreiser på telefon 05515 for å avbestille.
Sjølve behandlinga og eventuelle retur-reiser må avbestillast for seg. Dette skjer ikkje automatisk.


Bekrefte rekvirerte pasientreiser

I nokre tilfelle legg behandlarar inn rekvisisjonar som må bekreftast av brukaren for at reisa skal planleggast av Pasientreiser. Brukarar som har rekvisisjonar som må bekreftast, kan no gjere dette sjølve på helsenorge.no, i staden for å ringe Pasientreiser. 

Det er i hovudsak reiser med drosje, Helseekspress og Helsebuss som kan bekreftast digitalt, fram til klokka 13:00 siste virkedag før reisa skal gjennomførast. Retur-reiser kan bekreftast når brukaren veit når ho eller han er ferdig med behandlinga. Dersom reisa ikkje kan bekreftast digitalt, må brukaren ringe Pasientreiser på telefon 05515.

Brukarar som ikkje ønsker å avbestille eller bekrefte digitalt

Brukarar som ikkje ønsker å logge inn på helsenorge.no, kan avbestille og bekrefte turar som i dag, ved å ringe Pasientreiser på telefon 05515.


Har du spørsmål, eller vil vite meir om rekvirerte pasientreiser på helsenorge.no?

Ta kontakt med Pasientreiser på telefon 05515.

Sjå også meir informasjon om dette på helsenorge.no.