Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medtronic insulinpumpe

Informasjon til deg som har fått ein MiniMed 508 eller MiniMed Paradigm frå oss, i løpet av dei siste fem åra.

Leverandøren av desse insulinpumpene (Medtronic) har avdekka ein teoretisk moglegheit for at uvedkomande kan via datasystem kome seg inn på pumpa di og endre innstillingane. For at uvedkomande skal kunne klare det må dei ha høg teknisk kompetanse, vite heile serienummeret til og vere fysisk i nærleiken av pumpa di. Medtronic kjenner ikkje til at dette faktisk har skjedd på nokon einingar nokon stad i verda til no.

Det er ingen feil som betyr noko for normal bruk av pumpa. Moglegheita for at nokon skal få teknisk tilgang på ho er minimal, men for å vere på den sikre sida tilrår vi følgjande: 

  • Ikkje del pumpa sitt serienummer med nokon
  • Ikkje plugg eininga inn i andre datamaskiner enn di eiga
  • Ver merksam på meldingar, varsel og alarmar frå pumpa som avvik frå normalen
  • Følg med på blodsukkerverdiane dine

 
Om du ikkje brukar pumpa i det heile, ber vi om at du returnerer denne til oss. Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Seksjon for behandlingshjelpemiddel ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen, telefon 55 97 41 77

For meir informasjon sjå brev får leverandør Medtronic. Den inneheld også informasjon om kva versjonar av pumpa som er påvirka:

Brev frå Medtronic


 

Sist oppdatert 05.09.2022