Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Haukeland hotell

Vi er opptatt av å gje pasientar og pårørande gode opplevingar og god service slik at dei blir betre rusta til å møte utfordringane som ein sjukehusbehandling kan føre med seg. Hotellet er drive av Compass group på oppdrag frå Haukeland universitetssjukehus.

Hotellet har 179 rom. Samtlege rom har eige bad, TV og gratis trådlaus internettilgang.

På vårt hotell skal du som gjest vere trygg og føle deg vel. Vi har tilsette med solid sjukepleiefagleg bakgrunn som er til stades i resepsjonen døgnet rundt. Alle våre rom har to nødalarmar direkte knytta til sjukepleiar i resepsjonen.

Vi ønsker å skape eit miljø der gjestar kan trivast og føle seg heime. På hotellet sit vi tryggleik og komfort i høysetet, og vi har fokus på valfridom, sosialt fellesskap, meiningsfull fritid, forståing og omtanke og tryggleik.

Pasientar som ikkje har behov for å vere på sjukehus med 24-timars tilsyn og pleie, vil få eit godt og trygt botilbod hos oss. Pårørande kan vere med og bu saman med pasienten for å gjere sjukehusopphaldet betre og tryggare.

   
Alle pasienter og pårørende som selv bestiller rom ved Haukeland Hotell betaler for overnattingen direkte til hotellet ved ankomst.

For pasienter og eventuell pårørende som er kalla inn av sjukehuset som eit ledd i behandlinga vil sjukehuset bestille og dekke rom på hotellet.

Det er behandlande lege/avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus som avgjer om opphaldet ved hotellet vert dekka.

For reservasjon av rom for gjestar som betaler sjølve:

Ring: 55 97 68 00 eller mail til haukeland.hotell@medirest.no

 

Gjeldende priser pr. 1.oktober 2023 for betalende gjester:

Enkelt rom Kr 1075,- pr. døgn inkl. frukost

Dobbelt rom Kr 1750,- pr. døgn inkl. frukost

Dersom sjukehuset dekker for pasienten og følgeperson ønsker å vere på same rom er prisen 675,- pr. døgn inkl. frukost for følgeperson.


Prisane regulerast årleg i oktober.

Kvilerommet ligg i 1. etasje på hotellet og kan nyttast av alle gjestane våre.

Leikerom for dei minste borna ligg i 1. etasje på hotellet. 

Hotellet har eige trimrom og vaskerom i underetasjen.

På hotellet finn du lokala til Haukeland Medispa. Sjå eigne nettsider 

Alle våre faste måltid blir servert i ein triveleg spisesal for gjestane og deira besøkande.
Hotellet har eige kjøkken og menyen vår tar utgangspunkt i sunne råvarar, variasjon og kvalitet.
Spesialdiettar avtales direkte med kjøkkenet.

Opningstider:

Frukost
Måndag-fredag kl. 07.00-09.00
Laurdag-søndag kl. 08.00-10.00

Lunsj
Måndag-fredag kl. 11.30-13.00

Middag
Måndag-fredag kl. 16.00-17.30
Laurdag-søndag kl. 14.30-16.00

Suppe
Måndag-søndag kl. 19.30-21-00

Med BUSS (linje 5, 6, 16E og 12)
Bussar frå/til sentrum stoppar i gangavstand til Haukeland Hotell. 

Med TAXI
Drosjen kan køyre deg til døra på hotellet. Ta vare på kvittering og få den stempla på avdelinga. Pasientreiser avgjer om du får dekka reiseutgifter. Ein føresetnad er at det vert reist på billegaste måte og med kollektiv transport, om mogleg.

Med Bybanen frå Bergen sentrum
Bybanen sin linje 2 stoppar i gangavstand til Haukeland hotell. 

Med Bybanen frå Bergen Lufthavn
Bybanen sin linje 1 stoppar på Kronstad, frå stoppet er det ca. 10 minutt gange til Haukeland Hotell.

Med Flybuss frå Bergen Lufthavn

Flybussen går til Bergen sentrum og så må man skifte til rutebuss for å komme til Haukeland Hotell.

Haukeland Hotell disponerer nokre parkeringsplassar til utleie. Desse parkeringsplassane må tingast på førehand direkte til hotellet. Haukeland Univeristetssjukehus har parkeringsplasser for avgift.

Vår kafé og kiosk er døgnopen. Her kan vi by på eit variert utval av kaffi / te, mineralvatn, påsmurd mat, sjokolade/snacks, aviser, vekeblad og hygieneartiklar.

Pga den pågående Covid19 pandemien er antall deltagere i møterom/selskapslokale halvert.

Møtelokale
Haukeland Hotell har fire kurslokale i ulike storleika. Her har vi mogelegheit for å arrangere kurs for inntil 40-45 personar. Kursvertar vil til einkvar tid sørge for at kursdeltakarane har alt dei treng. Alle tekniske fasilitetar og utstyr er fritt tilgjengeleg.
Kontakt oss på telefon: 55 97 68 02

Selskapslokale
I selskapslokalet vårt «Stuene» kan vi arrangere selskap for inntil 50 personar. Haukeland Hotell har alle rettigheiter.
Kontakt oss på telefon: 55 97 68 02

KONTAKTINFORMASJON

Telefon: 55 97 68 00
E-post: haukeland.hotell@medirest.no

Haukeland Hotell
Besøksadresse
Jonas Lies vei 59
5021 Bergen



Slik finn du fram

Haukeland hotell

Jonas Lies vei 59

5021 Bergen

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen