Teamet arbeidar i tre-delt turnus som inkluderer kveld-, natt- og helgearbeid. Dei fleste sekretærane er utdanna helsesekretærar eller sjukehussekretærar, og er tilsette i Dokumentasjonsavdelinga med arbeidsplass i Mottaksklinikken.
Sjå ledige stillingar
Meir om Dokumentasjonsavdelinga
Meir om Akuttmottak
Arbeidsoppgåver
Sekretærane registrerar alle augeblikkeleg hjelp pasientar i vårt elektroniske pasientjournalsystem - DIPS. Vi bemannar resepsjonen i Akuttmottak med ein sekretær, som bistår sjukepleiarkoordinator med mottak av pasientar og pårørande i luka, og betener telefonen. I tillegg har vi ein sekretær i triage i Akuttmottaket, som skal ta blodprøver av alle pasientane. Ein sekretær bemannar Utgreeingsmottak 1 og 2, og Korttidsposten (kl. 08.00-18.00), der vi tek hand om postsekretærfunksjonen.
Alle desse funksjonane vert gjort på rullering, slik at vi får ein variert arbeidsdag.
Pasienten i fokus
Vi ønskjer at alle våre pasientar skal kjenna tryggleik og medmenneskelegdom i sitt møte med oss. Vi skal til ei kvar tid levera pasientdokumentasjon som tilfredsstiller faglege krav og innan kortast mogeleg tid. Fordi vi har pasientar frå alle kliniske avdelingar får sekretærane brei kompetanse og må vera løysingsorienterte i ein kvardag med høgt tempo og stor gjennomstraum av pasientar.