HELSENORGE

Vil du jobbe hos Dokumentasjonsavdelinga?

Haukeland universitetssjukehus har samla hovudtyngda av dei kontorfaglege oppgåvene i Dokumentasjonsavdelinga i Møllendalsbakken 7. Her jobbar rundt 140 tilsette fordelt på fire seksjonar.

​Dei fleste jobbar med medisinsk dokumentasjon i DIPS, men vi har og ansvar for sakarkiv og Elements, og ikkje minst depotet med over hundre år gamle pasientjournalar. Posttenesta vår har ansvar for alle brev som går inn, ut og rundt omkring  i Helse Bergen.
 
Dokumentasjonsavdelinga har tre etasjar til disposisjon i Møllendalsbakken, medan sekretærane i Mottaksklinikken-teamet held til i Mottaksklinikken.

 

Sekretærane i Mottaksklinikken har eigen jobbsøkarside - les meir

Kva slags bakgrunn treng du?

I vår avdeling finn du eit vidt spekter av utdanningsbakgrunnar. Dei fleste tilsette er per i dag medisinske sekretærar eller helsesekretærar. Andre igjen har fagskule, høgskule, universitet eller profesjonsstudium på CVen. Samstundes har vi tilsette som har kome til oss via sal og service, helse og sosial, kontor og merkantilt arbeid og ikkje minst arkivrelaterte jobbar.

​Møt Monya - ein av våre tilsette 

For ti år sidan var ho ferdig med allmennfag på vidaregåande og fekk sommarjobb i den då nyoppstarta Dokumentasjonsavdelinga.
 
DokavdELande20180111-DSC_8900.jpg
 
Ho held fram vidare i diverse vikariat, og to år seinare hadde ho fast jobb og var deltakande i prosjektarbeid. Spolar vi fram til i dag har Monya skaffa seg erfaring som verneombod og rykka opp til ein konsulentstilling. Ho lærer opp nytilsette, hjelper til med kursopplegg og jobbar med utvikling av tilsette i avdelinga.
 
– Avdelinga vår er ikkje den mest synlege her på sjukehuset, men vi er involvert kvar einaste gong ein pasient kjem til konsultasjon eller vert innlagt, fortel Monya. Vår jobb er stort sett i kulissane, der vi ser til at enorme mengder med informasjon vert kvalitetssikra og gjort tilgjengeleg for dei som treng det.
 
– I vår avdeling har vi behov for ulike mennesketypar. Her treng vi både dei som likar å jobbe konsentrert og aleine med rutinearbeid, og dei som ønskjer å jobbe utadvendt med kundekontakt og problemløysing i team. Ein ting vi alle må ha felles er evne og vilje til å tilpassa oss nye oppgåver. Sjukehuset sitt behov endrar seg raskt, og det same gjer våre oppgåver.
 

Arbeidsoppgåver 

I vår avdeling skannar vi pasient-, saks- og personaldokumentasjon i DIPS og Elements. Vi skriv og diktat som for eksempel operasjonsskildringar for legar på sjukehuset. Posttenesta tek imot og sender ut all post. Depotet tek i mot papirmateriale, vurderar arkivverdig materiale, legg til rette for forsking og låner ut pasientjournalar til leger ute på avdelingane.
 
Dokumentasjonsavdelinga er bemanna frå klokka  07.00 til 17.00  måndag til fredag. Dei fleste sekretærane våre har fleksitid med standard arbeidstid frå klokka 08.00 - 15.30, og kjernetid 09.00 – 14.30. Sekretærane som har arbeidssted i Mottaksklinikken har derimot tre-delt turnus med kvelds-, natt og helgearbeid.

Ansatte på takterassen. Foto 
Kantina vår har takterrasse med Årstads finaste utsikt.​
Fann du det du leita etter?