Sekretærane i Mottaksklinikken

Team Mottaksklinikken bemannar resepsjonen i Akuttmottak med ein sekretær, som har eit tett samarbeid med sjukepleiarkoordinator, sjukepleiar, legar og andre yrkesgrupper i mottak.

​​Sekretæren hjelper med mottak av pasientar og pårørande i luka, registrerar augeblikkeleg hjelp pasientar i ulike datasystem, og betener telefonen. 

Dokumentasjonsavdelinga har ein sekretær som bemannar Korttidsposten i Mottaksklinikken frå kl. 08.00 - 18.00, der vi tar hand om postsekretærfunksjonen.

Frå mai 2016 bemannar vi med ein postsekretær frå kl. 0800 – 1800 på Utgreiingspost 1 i Mottaksklinikken. I tillegg startar vi opp med ein sekretær i Akuttmottaket, som skal ta blodprøver av alle pasientar som vert innlagt som augeblikkeleg hjelp. 
  
Alle sekretærane går i heilkontinuerleg turnus. Vi ønskjer at alle våre pasientar og pårørande skal oppleva tryggleik og medmenneskelegdom i møte med oss