I Vinterdalen barnehage møter me sensitive vaksne som ser borna sine initiativ og behov og deltek aktivt på deira veg inn i det viktige leikande fellesskap. Språket er avgjerande for å uttrykkje seg og bli ein god medspelar i leiken. Musikk, song og regler er av dei språklege verkemidla me har stort fokus på då dette er heilt grunnleggjande kommunikasjonsformer prega av glede og opplevingar ilag med andre. Vinterdalen ligg fantastisk plassert heilt opp mot skogkanten, og me ofte høve til turar med leik og samspel i eit naturmiljø. Her er rike sanseinntrykk og fysisk utfalding ei kjelde til spennande opplevingar og minner ilag med gode vener i barnehagen.