Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Arealforvaltning

Avdelinga har to einingar, Arealkontoret og Bustadkontoret. Arealkontoret har ansvar for arealplanlegging og tildeling av areal med utgangspunkt i arealdelplanen til Helse Bergen HF. Avdelinga forhandlar og følgjer opp interne og eksterne leigeavtalar, har ansvar for kjøp og sal av eigedom, og all skilting i føretaket. Bustadkontoret er ansvarleg for utleige, drift og vedlikehald av alle bustader til helseføretaket.

Eigedomsforvalting

Helse Bergen HF eig og driftar 453 000 kvadratmeter fordelt på 115 bygg. Eigedommane ligg i kommunane Bergen, Alver, Bjørnefjorden, Øygarden og Voss. I tillegg leiger føretaket inn ytterlegare 47 000 kvadratmeter i eksterne bygg. 

Vi nyttar FDV- systemet Xpand til alle faga i eigedomsforvaltninga (forvaltning, drift og vedlikehald, reinhald og kundesenter). Alle helseføretaka i Helse Vest nyttar same system. Helse Bergen HF innførte kostnadsdekkande internleie i 2012. Det inneber at avdelingar i føretaket betaler leige for bruk av sine lokale for å synleggjere kostnaden ved å nytte areal. Vi leier også ut areal til føretaket sine eksterne samarbeidspartnarar.

Skilting på sjukehuset

Arealkontoret har ansvar for all retningsskilting til og inne i bygg, i heile helseføretaket. Skilting gjerast i høve til Helse Bergen si skilthandbok. Prinsippet er at det utandørs vert skilta til dei ulike bygga og når ein kjem inn i bygget finn ein ei oversikt over alle einingar som held til i bygget.

Kontakt

Sentralbord

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Arealforvaltning Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

2. etasje i Jonas Lies vei 68.

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no