-
Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
Sjukehusklovnen
Vi får besøk av sjukehusklovnar på faste dagar, som går rundt til barna og bidrar til å gjere opphaldet deira på sjukehuset betre.
Verdas beste reseptfrie medisin er eit besøk av ein sjukehusklovn!
Sjukehusklovnane er ei gruppe profesjonelle scenekunstnarar som har spesialisert seg i arbeid med barn på sjukehus. Gjennom improvisasjon, sin lydhøyre og heilt spesielle klovnekommunikasjon besøker dei pasientar, pårørande og helsepersonell. Saman skapar klovn og barn unike stundar der sjukehusets rutinar må vike plass for noko anna.
Sjukehusklovnene kan tenne livsgnist, auke sjølvtillit og hente fram barnets friske krefter. Effekten av latter, leik og undring kan mobilisere uante krefter i små og store kroppar. Og eit klovnemøte kan vere ein etterlengta pustepause til føresette når dei ser sine barn og unge fryde seg.
Sjukehusklovnane kan ikkje forandre situasjonen, men dei kan gjere noko med opplevinga. Og slik kan eit sjukehusopphald også bli prega av latter, smil og positive minne. Sjukehusklovnar kan brukast som magisk medisin og kanskje kan det vonde tryllast bort for ei lita stund.