Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Øyeblikkeleg hjelp-tilvising til Barne- og ungdomsklinikken

Barn og ungdom t.o.m. 15 år (Innlegging for Diabetes, Epilepsi og IBD går opp til 18 år ved BUK) med mistanke om medisinsk tilstand som treng øyeblikkeleg hjelp, skal tilvisast Barne- og ungdomsklinikken.

Før innlegging er det mogleg å konferere med Pediatrisk bakvakt.
Ring 55975000 og be om å få snakke med bakvakt på Barne- og ungdomsklinikken.

Barn/ungdom som kan køyre i drosje eller privatbil, skal meldast direkte til resepsjonen på BUK.
Ring 55973393
 
Barn/ungdom som treng ambulanse, skal meldast via AMK.
Ring 113

Dersom lege eller ambulanse ønsker direkte kontakt med nokon i mottaket for å gi oppdateringar undervegs.
Ring 55971410

Sist oppdatert 27.05.2022