Det er i dag 12 morsmjølkbankar i Noreg fordelt over heile landet. Alle har felles retningsliner frå Statens Helsetilsyn, og må følgje Mattilsynet sine reglar for drift.
Kontakt
Mjølkebanken på Barne- og ungdomsklinikken
Tlf. 55 97 14 79 | 55 97 14 54
melkebanken@helse-bergen.no
Kven kan bli givar?
- Friske mødre som ikkje røykjer eller bruker faste medisinar
- Du har meir morsmjølk enn du treng til ditt eige barn
- Du har kome godt i gang med amminga (minimum 6 veker)
- Det er ønskeleg at du startar å levere morsmjølk før barnet ditt er 2-3 månader
Førebuing for å bli givar
- Du må ta ein blodprøve for å bli godkjent som givar
- Du har ein samtale med ein av oss på Morsmjølkbanken som handlar om hygiene og praktisk gjennomføring.
Kva gjer du som morsmjølkgivar?
- Du pumpar ut mjølka heime, frys ho ned og leverer jamleg til sjukehuset.
- Du kan levere mjølk til barnet ditt er omlag 6 månader.
Kompensasjon
- Du får låne elektrisk pumpe og nødvendig utstyr til oppbevaring av mjølka
- Du får økonomisk godtgjersle for å levere mjølk
Avansert heimesjukehus kan hente morsmjølk
- I kommunane Fjell, Askøy, Bjørnafjorden og Bergen har Mjølkebanken avtale med Avansert heimesjukehus (AHS) om at dei kan hente morsmjølk heime hos donor og ta med til mjølkebanken, på dagar og tider der AHS er i nærleiken.
- Dette må avtalast med Avansert heimesjukehus på førehand, på tlf. 469 59 878
- Mjølkebanken har også avtale med Helseekspressen frå Haugesund til Haukeland om at den kan ta med morsmjølk der dette er aktuelt. Mjølka må då leverast på eitt av stoppa bussen har.
- Sjå rutetider og stoppestader