Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

på Nyføddintensiv

Vanlege undersøkingar og utstyr

Kva  undersøkingar vi gjer vil sjølvsagt avhenge av tilstanden til barnet, men det er likevel ein del undersøkingar er vanlege, og som de vil høyre om når de er på Nyføddintensiv. Her forklarar vi litt om undersøkingar og medisinskteknisk utstyr.

En baby som undersøkes av en sykepleier

Blodprøver

Syre/Base - Dette er eit sett med prøver som vi får raskt svar på og som fortel oss kor effektivt barnet pustar, om det får tilstrekkeleg oksygen og pustar ut tilstrekkeleg med karbondioksid. Det fortel oss om barnets blodprosent, elektrolyttbalanse og om evt opphoping av melkesyre.

Blodsukker

Nokon barn er i ein situasjon som gjer at vi overvaker barnets blodsukker hyppegare. Det kan vere barn av mor med diabetes, barn som er født premature, eller som er små for alderen. Det kan også vere barn som er stor for alderen eller barn med mistenkt infeksjon. Dei fleste barn ordner fint opp i blodsukkerproblematikk sjølv, men vi treng å ta hyppege blodprøver i starten for å sikre dette, evt hjelpe barnet med litt ekstra næring om det er behov for det. 
 
 

Infeksjonsstatus

Det er eit sett med prøver som kan styrke eller svekke mistanke om infeksjon hos nyfødde.  

Blodkultur 

Dersom det kan vere mistanke om infeksjon tar vi ein blodkultur. Det vil seie at vi tar ein blodprøve. Prøven settes i varmeskap og studeres med mikroskop for å sjå etter bakteriar i blodet. Dersom det ikkje er påvist bakteriar i blodet innen 2 døgn kan vi vanlegvis avslutte antibiotikabehandling.  

Nyføddscreening

Alle nyfødde i Noreg får i dag tilbod om å bli undersøkt for 26 alvorlige medfødte sjukdommar. For å undersøkje om ditt barn har ein medfødd sjukdom som det er viktig å behandle snarast mogleg, tar vi blodprøve frå barnets hæl cirka 48 timer etter fødsel.  
 

Test av høyrsle

Vi gjer test av høyrsla til alle nyfødde for å kunne oppdage eit eventuelt medfødd høyrsletap så tidleg som mogleg,for å kunne settje i gang hjelpetiltak så raskt som mogleg. Testen blir utført av personalet på posten og bør helst gjerast medan barnet søv og er roleg. Målinga er rask og smertefri. Ved respons på ein slik måling, er det lite sannsynleg at barnet har nedsatt høyrsle. Dersom ein ikkje får respons på målinga kan det ha mange forklaringar, som fosterfett eller fostervatn i øregangen, eller tronge øreganger. Då kan testen gjentakast på avdelinga. Om ein vedvarande ikkje får respons tilvises ein til oppfølging på høyresentralen.

Det kan også vere aktuelt å undersøkje om barnet har gjennomgått ein spesiell virusinfeksjon i svangerskapet (CMV), som kan gi tap av høyrsle. Dette gjerast enkelt og smertefritt ved hjelp av ein spyttprøve frå barnet. 
 

Røntgen 

Nokre gonger treng vi å ta røntgen av barnets brystkasse (thorax). Om barnet treng pustestøtte kjem radiograf til avdelinga og tar røntgen av barnet i barnets eigen seng/kuvøse. Dersom barnet ikkje er avhengig av pustehjelp trilles barnet i vogn eller seng til røntgenavdelinga i U1. Sjølve undersøkinga tar berre nokre få minuttar.  

Ultralyd

Vi gjer ultralydundersøking på mange av våre små nyfødde. Det kan særlig være ultralyd av hovudet eller av hjartet, men også andre organ. Ein ultralydundersøking gjer ikkje vondt. Det mest plagsomme er at barnet får på seg ultralydgele som kan vere litt kald, og at dei må haldast i ro under undersøkinga. Det er røntgenlegar som gjer undersøkinga. Dei samarbeidar tett med barnelegane for å tolke det dei ser på bilda saman med andre prøvesvar og korleis barnet ter seg. Så snart røntgen - og barnelegane har vurdert bilda saman vil barnelegen informere dykk om resultat av undersøkinga.  

Ultralyd av hjernen til for tidleg fødde barn

Ultralyd av hjarte hos barn og unge

 

 

Det kan vere naudsynt å bruke ulike typer medisinsk utstyr for å behandle barna som ligg på Nyføddintensiv. Her forklarar vi litt om det utstyret som mange barn har behov for under opphaldet hos oss.

​Kuvøse og vannseng

Dei minste barna ligg i kuvøse den første tida. Kuvøsa gir riktig temperatur og rett fuktigheit. Når barnet ikkje ligg hud mot hud hos deg, er kuvøsen ein bra stad å vere. I kuvøsen lager vi til eit lite rede som barnet ligg i, tulla inn i eit lite teppe. Etter kvart som barnet regulerar varmen betre kan barnet legges over i seng. I starten kan det hende at barnet treng ein ekstra varmemadrass i sengen.  

Når barnet klarar seg utan både kuvøse og varmemadrass er det godt for barnet å få tøy på seg, kanskje ein body eller sparkedress.  

Overvakingsskjerm (skop) 

Barnet kan overvakast kontinuerleg på ein overvakingsskjerm ved senga. På skjermen kan ein sjå barnet sin hjarterytme (puls), pustefrekevens (respirasjon) og oksygenmetting. Det kan nokre gonger gå mange alarmer fra skopet uten at situasjonen er dramatisk, sjølv om alarmen kan høyrast sånn ut. Alle skopene er innstilte slik at det går alarmar når sjukepleiarane ynskjer å bli gjort merksam på ein endring.

Veldig ofte vil ein ikkje gjere anna enn å skru av alarmen og observere korleis barnet handterar situasjonen sjølv. Andre gonger er alarmen eit uttrykk for at barnet treng litt hjelp eller støtte. Hvis barnet overvakast kontinuerleg på skop kan sjukepleiar likevel nokre gonger gå frå barnet. Då fortsetter overvakinga frå ein telefon som er kobla til barnets skop. Hugs at det er alltid sjukepleiaren som har ansvaret for barnets overvaking.

Veneflon

Barnet vil kanskje trenge ein veneflon. Det er eit tynt plastrør som blir lagt inn i ei blodåre på handa, foten eller nokre gonger på hovudet. Gjennom denne kan barnet få næring og medisinar.  

Sonde

Dei aller fleste premature eller sjuke nyfødde treng sonde. Det er ein tynn, mjuk plastslange som blir lagt ned i magesekken via munn eller nase. Her kan barnet få mjølk og eventuelt medisinar fram til det klarer å suge sjølv.

Lyskasse 

Premature og nyfødde kan få gulsott (høg bilirubin) og vil kunne trenge lysbehandling den første tida. Då ligg barnet avkledd med ei lyskasse over senga si, ein lysmatte oppå madrassen, eller begge deler. Barnet ligg med kontinuerleg lysbehandling, med korte pausar ved måltida. Lysbehandling tar vanlegvis eit døgn, men nokon kan trenge fleire behandlingar.

Gulsott hos nyfødde

Pustehjelp 

Nokon premature og sjuke nyfødde treng hjelp til å puste den første tida. Ved hjelp av medisinsk utstyr (CPAP og HighFlow) blir varm, fukta luft og eventuelt oksygen, blåst ned i lungane via nasen til barnet. CPAP og HighFlow gjer det lettare å puste.

I nokre få tilfelle treng barnet meir pustehjelp og respirator (pustemaskin) kan vere naudsynt ein periode. Treng barnet berre oksygen, blir det gitt via nasekateter.

Infusjons og sprøytepumper på rekk  

Nokon pasientar treng næring og medisinar intravenøst. Dette kallar vi infusjonar. Mange infusjonar gis kontinuerleg gjennom heile døgnet, mens nokre medisinar settes over ein kortere periode. Til dette bruker vi infusjons og sprøytepumpar som infunderar riktig mengde på riktig tid. Om barnet treng fleire infusjonar samtidig brukar vi eit pumperekk til alle pumpane.   

 

 

 

Sist oppdatert 05.03.2024