Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilbod til pårørande

Det er ei rekkje tilbod til foreldre i den tida dei er på Nyføddintensiv. Noko er knytt til behandling og ivaretaking av dei som familie, medan andre tilbod gjer rom for avveksling eller kvile.

hand som grip etter bok

Mor og far si stemme er heilt unik for barnet og spelar ei viktig rolle for barnets utvikling. Gjennom eit individuelt tilpassa tilbod, får de moglegheit til å lære meir om korleis de kan bruke eigen stemme og song. Slik kan du med di stemme fremje positiv utvikling hos barnet og styrke banda mellom deg og barnet. De vil få rettleiing i korleis de kan kjenne att signal frå barnet og tilpasse stemma og det de gjer til barnets beste.

Forsking viser at song og musikalsk tilnærming tilpassa barnet kan roe barnet og ha smertelindrande effekt. Musikkterapeuten kan delta ved prosedyrar som ein av erfaring veit kan auke stress eller smerte hos barnet. Musikkterapi kan vere ei støtte for både barn og forelder i slike situasjonar. Ta kontakt med musikkterapeuten eller snakk med sjukepleiar på avdelinga dersom du er interessert og vil ha meir informasjon.

Søsken er velkomne til å besøke og eventuelt kunne ha kortere overnatting på avdelinga. Dette må vurderast individuelt. Avtal nærmare med sjukepleiar. Søsken må vere saman med foreldra eller andre som kan ta vare på dei. Det er ein føresetnad at dei er friske for å hindre smitte til dei nyfødde barna.  

Om det er ønskeleg tilbyr vi søskensamtalar for å hjelpe dei til å forstå/bearbeide kva som skjer med den nyfødde. Vi deler ut søskenpakkar som inneheld små overraskingar til leik og aktivitet. 

Leiketerapi

Friske søsken i alle aldre er velkomne på leiketerapien i følgje med ein vaksen.

Opningstidene er:

  • Måndag – fredag 08.30 - 11.30 og 12.15 - 15.00
  • Torsdagar opent til kl. 17.

I tillegg held leiketerapien ope med frivillige og Røde Kors følgjande tidspunkt:

  • Måndag kl. 16.00 – 18.00
  • Tysdag kl. 16.00 – 18.00
  • Onsdag kl. 16.45 - 18.00
  • Sundag kl. 12.00 - 15.00

Det er også moglegheiter for at søsken kan bruke leiketerapien utanom oppgitte opningstider.

Dette må vere i følgje med ein vaksen, og det er viktig at dei ryddar opp etter seg.

Må låsast inn og ut av A-vakt.

Energisenteret har fleire tilbod til pårørande/søsken, som:  

  • Bassengtrening måndagar kl 16 – 17  
  • Styrketrening som kan bookast mellom kl 08 – kl 22  
  • Lån av gymsal etter avtale 
  • Kino som sendast frå Bergen Kino, annankvar onsdag og kvar fredag (sjå kinoprogram)

Sjå lenka for å avtale tid.

Tilbud til pårørande - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)

 

Leiketerapien koordinerer fleire tilbod til søsken, til dømes:   

Tur med Ulriksbanen   

Tur med Fløybanen  

Kinobillettar   

VilVite-billettar   

  

Ta gjerne kontakt med leiketerapien om de har spørsmål.

 

Instagram

Nyføddintensiv ved Haukeland er på Instagram. Du finn oss på kontoen @nyfodtintensivhaukeland  Følg oss gjerne der.  

Vi treng også fleire bildete til vår instagramprofil. Vi tek med glede imot dine bilete, eller samtykke til å ta bilder av barnet ditt. Bilder kan sendes til nyfodtintensiv@helse-bergen.no 

Henvend dere til personale for samtykkeskjema.  

 
Sist oppdatert 22.12.2023