Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Om Nyføddintensiv

Nyføddintensiv har eit veldig varierande pasientbelegg. Vi er registrert med 16 pasientplassar, men vi har god plass til å ta imot fleire barn og vil alltid vere bemanna til å ta hand om det antall barn vi har i avdelinga.

Liten fot i pledd

Barna på Nyføddintensiv treng ulik grad av overvaking. Pasientar som treng intensivbehandling vil alltid ha ein sjukepleiar i rommet som vil overvake barnet kontinuerleg og vere ansvarleg for behandlinga.

Andre barn er stabile nok til at sjukepleiar kan trekkje seg ut av rommet i kortare tidsrom. Sjukepleiarane vil likevel alltid overvake barna via elektronisk utstyr, såkalla skop-telefon. Sjukepleiaren vil ha sin arbeidsstasjon like utanfor rommet.

Til sist har vi dei meir stabile barna med meir avklarte problemstillingar, der foreldre sjølve har ansvar for stell og pleie, og sjukepleiar bidreg med rettleiing, observasjon og eventuelt behandling.

Det er legen som avgjer kva grad av overvaking ditt barn treng. Det er viktig at du veit at barnet ditt aldri skal vere aleine.

Om du ikkje har anledning til å kome bort på nyføddavdelingen, kan du gjerne sjå vår velkomstvideo som gir ein kort introduksjon til avdelinga vår.

Avdelinga vår har eit tett samarbeid med Avansert Heimesjukehus for barn (AHS). AHS tilbyr oppfølging av sjukepleiar og lege som er knytt til nyføddintensiv til barn som mates med ernæringssonde, eller som av andre årsaker treng hyppige kontroller fra spesialisthelsetenesta. Oppfølging kan foregå digitalt via videomøter, eller ved heimebesøk av sjukepleiar i AHS.  

Nyføddintensiv har også poliklinikk og mjølkebank for morsmelk. Nyføddintensiv deltek i ulike forskingsprosjekt for å betre framtidig behandling av nyfødde.    

Det kan vere ulike årsaker til at eit nyfødd barn flyttast til Nyføddintensiv. Nyføddintensiv behandlar nyfødde med eit stort spekter av tilstander frå veldig for tidleg fødde barn til barn fødd til termin. Vi har også ansvar for intensivbehandling av barn opp til 6 månaders alder. 

Hovudgruppene er:  

Barn som er fødd for tidleg (prematur) (alle barn fødd før veke 35 + 0) 

Barn som har låg fødselsvekt (dysmatur)  

Barn som har medisinske tilstandar som krevjer overvaking eller behandling.  

Nokre viktige definisjoner:  

Terminbarn fødd etter veke 37 

Moderat prematur veke 32-37 

Alvorleg prematur 28-32 

Ekstrem prematur under 28 veker 

Låg fødselsvekt under 2500g 

Svært låg fødselsvekt under 1500g 

Ekstremt låg fødselsvekt under 1000g 

 

Større barn som er i avdelinga kan ha eit utall forskjellige tilstandar. Det kan vere medfødde tilstandar som har vore kjent gjennom svangerskapet, eller som først gjer seg til kjenne når barnet er fødd. Det kan vere komplikasjonar knytt til siste delen av svangerskapet eller fødselen, som krevjer overvaking og behandling, og det kan vere uspesifikke symptom som gir mistanke om sjukdom og som må utrgreiast vidare.  

Vi veit at dei fleste har mange spørsmål knytt til kva som er årsaka til at barnet må til Nyføddtintensiv, og ikkje minst at det er mange bekymringer kring barnets tilstand. Husk at du kan alltid spørje det medisinske teamet rundt barnet ditt om forklaringar på alt du lurar på. Vi vil alltid hjelpe barnet før vi informerer dykk, men vi vil alltid finne tid til å informere, og svare på spørsmål.    

Kvart år flyttast ca 500 barn til Nyføddintensiv, det vil seie ca 10% av alle nyfødde i vår region. Nyføddintensiv behandlar pasientar frå eiget område, samt nyfødde som treng avansert behandling som dei ikkje har ved nyføddavdelingane i Helse Førde og Helse Fonna.  

Vi behandlar ca 20-25 barn kvart år som er ekstremt prematur eller har ekstremt lav fødselsvekt. Så sjølv om situasjonen er helit ny og ganske ekstrem for din familie, er dette noko vi har gjort mange gonger før. 

På Nyføddintensiv er vi ca 90 tilsette. Det er sjukepleiare, helsefagarbeidare, barnepleiare og assistentar. Mange av sjukepleiarane på Nyføddintensiv har videreutdanning innan nyfødssjukepleie, intensivsjukepleie og barnesjukepleie. Nokre medarbeidare har også etterutdanning innan ammerettleiing, NIDCAP, rettleiingspedagogikk, og simulering og ferdighetstrening.  

Overlegane ved seksjonen er barnelegar med spesialkompetanse i nyføddmedisin. Barnelegar og legar som er i spesialisering i barnemedisin er også knytt til avdelinga. 

Fordi vi er ein utdanningsinstitusjon vil det store deler av året vere mange studentar i avdelinga. Studentane opererer aldri åleine og vert alltid rettleiia av ein erfaren sjukepleiar i avdelinga. Vi har helsefagarbeidarlærlingar som går saman med barnepleiar på dei stabile barna. Ellers har vi studentar i spesialisering, det betyr at dei er ferdig utdanna sjukepleiare frå tidlegare.  

Personalet arbeidar skift, sjukepleiargruppen arbeidar dagvakt frå 07-15, seinvakt frå 14.30-22.00 og nattevakt frå 21.30-07.15 . Legane går visitt til alle barn kvar dag, og er i umiddelbar nærleik heile døgnet. Under visitten evaluerast behandlinga og ein legg plan for omsorgen det kommande døgnet. Dette er også ein fin anledning til å stille spørsmål til legen om barnets tilstand og behandling. Om dei ikkje har anledning til å svare deg der og då, vil dei alltid finne tid i nær framtid til å gi grundige forklaringar. 

Om situasjonen tillater det kan vi prøve å få til ein omvising på Nyføddintensiv. Dette kan bidra til auka forståing av situasjonen som ventar, og de kan sjå for dykk kor barnet og de vil vere den komande tida. Du kan også treffe nokon av dei tilsette, sjå fascilitetar og ustyr.  

 

Still spørsmål, og skriv ned ting du lurar på. Det er lett å gløyme når hovudet er fullt. Hugs at det alltid er lov å spørje på nytt om det er noke du har gløymd eller ikkje forstod. Ha gjerne klar ein liste med spørsmål til legevisitt eller til ansvarleg sjukepleiar/jordmor. Om situasjonen tillater det prøver vi også å få til ein samtale både med barnelege og sjukepleiar frå Nyføddintensiv i tida før barnet blir fødd.

Vi er vant til mange forskjellege spørsmål, både om mors kropp og helse, om praktiske ting og om barnet. Vi vil prøve å svare så godt vi kan og om vi ikkje kan svare sjølv vil vi hjelpe å finne ut kven som har svarene. Nokre spørsmål veit vi at det ikkje finnes svar på enda, men det kan likevel vere godt å sette ord på uvissa. Ikkje ver redd for å spørje oss.  

Om barnet ditt treng behandling eller utrgreiing på Nyføddintensiv grunna ein medisinske tilstand, vil du kanskje ha behov for å få mer informasjon om tilstanden. Det er viktig at du får informasjon fra pålitelege kilder. Vi tilrår: 

Prematurforeningen 

Tvillingforeningen 

Foreningen for hjertesyke barn

Kompetansesenter for sjeldne diagnoser

Sist oppdatert 22.12.2023