Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mjølk til barnet

Vi legg til rette for amming for dei som kan og ønskjer det. Morsmjølk inneheld alle dei viktigaste næringsstoffa som barnet treng.

Morsmjølk inneheld antistoff som beskyttar barnet mot infeksjonar. For mor bidrar amming til at livmora trekkjer seg saman, reduserer bløding etter fødsel, og det kan verke positivt på mors velvære. Når amming ikkje er mogleg eller ønskjeleg, finst det gode morsmjølkerstatningar som gir fullverdig næring for det nyfødde barnet. Dei aller minste barna vil kunne få morsmjølk frå Nyføddintensiv si mjølkebank.

Nyføddintensiv si mjølkebank

Handmjølking

Vi tilrår mor å handmjølke dei to første dagane. Du får god rettleiing både på Kvinneklinikken og på Nyføddintensiv. Du bør starte med handmjølking nokre timar etter fødselen og gjenta om lag kvar 3. time, minimum 6 gonger i døgnet. Spør oss gjerne om hjelp.

Den første mjølka er nokre dråpar råmjølk som blir samla i eit lite glas eller ei sprøyte. Etter kvart kan du bruke elektrisk brystpumpe. Vi tilrår å pumpe begge bryst samtidig 6-8 gonger i døgnet. Begynn med nokre minutt og auk gradvis til om lag 20 minutt. Personalet vil bidra med gode råd. Du som ammar blir rådd frå å røyke, snuse og å bruke alkohol eller andre rusmiddel.

Det nyfødde barnet får melk i magen heilt frå starten, også dei aller minste. Dei minste vil få maten gjennom ein sonde, som er eit lite plastrør som går gjennom munn eller nese og ned i magesekken. Dette gjer vi enten ved å gi barnet små, tilpassa måltider kvar 3. time, eller at det går settes opp på ein pumpe og gis melk kontinuerlig gjennom heile døgnet. Sjølv om barnet får mat på sonde kan det være viktig og riktig å legge barnet til brystet i forbindelse med måltidene.

Nokre barn treng også litt meir næring enn dei klarer å fordøye heilt i starten, då kan vi gi heile eller delar av næringa intravenøst. Så snart barnet er klart vil vi starte med spisetrening. Sjukepleiaren som har ansvar for barnet vil tilpasse dette til barnets behov og gi dykk rettleiing til dette.

Sist oppdatert 22.12.2023