Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kven er pasientane på nyfødd

Det kan vere ulike grunnar til at eit nyfødd barn blir overflytta til Nyføddintensiv. Nyføddintensiv behandlar nyfødde med eit stort spekter av tilstandar frå veldig for tidleg fødde barn til barn fødd til termin. Vi har også ansvar for intensivbehandling av barn opp til 6 månadars alder.

​Hovudgruppene av pasientan​​​e våre er:  

  • barn som er fødd for tidleg (prematur) (alle barn fødd før uke 35 + 0)  
  • barn som har lav fødselsvekt (dysmatur)
  • barn som har medisinske tilstandar som krev overvaking eller behandling 

Nokre viktige defin​​​​i​​sjonar:  

  • ​Terminbarn fødd etter veke 37 
  • Moderat prematur veke 32-37 
  • Alvorleg prematurt 28-32 
  • Ekstrem prematur under 28 veker 
  • Lav fødselsvekt under 2500 gram 
  • Svært lav fødselsvekt under 1500g 
  • Ekstremt lav fødselsvekt under 1000g 

Større barn som er i avdelinga kan ha ei rekke forskjellige tilstandar. Det kan vere medfødde tilstandar som har vore kjent gjennom svangerskapet, eller som først gjer seg til kjenne når barnet er fødd. Det kan vere komplikasjonar knytta til siste delen av svangerskapet eller fødselen, som krev overvaking og behandling, og det kan vere uspesifikke symptom som gir mistanke om sjukdom og som må utgreiast vidare.  

Snak​​​​k m​​​ed oss 

Vi veit at dei fleste har mange spørsmål knytta til kva som er årsaka til at barnet må til Nyføddintensiv, og ikkje minst at det er mange bekymringar rundt barnet sin tilstand. Hugs at du kan alltid spørre det medisinske teamet rundt barnet ditt om forklaringar på alt du lurer på. Vi vil aldri la ditt informasjonsbehov komme foran barnet sitt behov for viktig behandling. Om vi må gjere andre oppgåver først så gjer vi det, men vi vil alltid finne tid til at de skal få svar på dykkar spørsmål og bekymringar.

Kvart år blir ca. 500 barn overflytta til Nyføddintensiv, det vil seie rundt ti prosent av alle nyfødde i vår region. Nyføddintensiv behandlar pasientar frå eiget område, samt nyfødde som treng avansert intensivbehandling som ikkje blir tilbydd ved nyføddavdelingane i Helse Førde og Helse Fonna. 

Vi behandlar rundt 20-25 barn kvart år som er ekstremt prematur eller har ekstremt lav fødselsvekt. Så sjølv om situasjonen er heilt ny og ganske ekstrem for din familie, er dette noko vi har gjort mange gonger før. 

Sist oppdatert 22.12.2023