Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Korleis ta hand om barnet mitt på Nyføddintensiv

Nyføddintensiv har ei familiebasert tilnærming. Foreldra er dei viktigaste personane for barnet. Derfor ønskjer vi at de skal vere her mest mogleg. Ei overflytting til Nyføddintensiv fører ofte med seg stress og uvisse. Personalet er her for å ta vare på både barnet og dykk som foreldre. Vi ønskjer å gjere opphaldet så godt som mogleg. Opphaldet kan vare frå eitt døgn til mange veker eller månader, avhengig av barnet sin tilstand.

Noko av det viktigaste du kan gjere for barnet ditt er kenguruomsorg. Alle barn, også dei som ligg i kuvøse, kan få kenguruomsorg. Det vil seie at barnet får ligge trygt og godt, hud mot hud, på mor eller far sitt bryst og oppleve hudkontakten. Vi vil hjelpe dykk og vise dykk korleis de praktisk kan gjennomføre dette.

Slik er kenguruomsorg:

Mor eller far sit i lenestol eller i seng, med open skjorte iført ein kengurutopp eller eit sjal for å støtte og sikre barnets stilling.

Roleg og sikkert blir barnet flytta frå seng eller kuvøse under rettleiing og hjelp av ein pleiar.

Barnets hud er i mest mogleg grad naken, bortsett frå ei bleie, ei lita hue, ev. sokkar.

Barnet ligg i ei oppreist stilling med mage og brystkasse mot forelderen sin brystkasse, med bøygde armar og bein. Hovudet ligg vendt til ei side, utan at nakken blir strekt.

Kenguruomsorg kan de gi så lenge som mogleg utanom nattetid, minimum ein time om gongen. Skriv gjerne ned tida barnet har fått hud-mot-hud.

Kvifor hud mot hud?

Metoden kenguruomsorg er anbefalt av Verdas Helseorganisasjon (WHO). Forsking har vist fleire positive effektar hos barnet: Det stabiliserer barnets puls, pust og temperatur, fremmer amming, hjelper å regulere barnets søvn og er positivt for barnets utvikling. Kenguruomsorg styrker banda mellom forelder og barn, og reduserer stress både hos barn og foreldre. Vi håpar foreldra kan halde fram med å gi barnet kenguruomsorg kvar dag så lenge barnet er inneliggjande på nyfødd.

Nyfødde barn kommuniserer med omverda gjennom kroppsspråk og åtferd. Slik uttrykkjer dei både velvære og stress. For tidleg fødde og sjuke nyfødde kan bruke mykje energi på å meistre sanseinntrykk. Dei er spesielt sensitive og kan gi svakare signal om korleis dei har det.

Hos oss tilpassar vi omsorga til det enkelte barnet og foreldra, såkalla "Individuell utviklingstilpassa omsorg" (NIDCAP). Denne metoden styrkar banda mellom foreldre og barn og støttar barnets naturlege utvikling.

Vi rettleiar dykk i å tolke barnet si åtferd og svare på signala barnet gir. Her er våre generelle råd:

  • Bruk tida saman med barnet.
  • Gi mykje hud-til-hud kontakt. Det har positiv innverknad på barnets pust og temperatur, betrar søvn og kvile, og fremjer barnets utvikling, tilknytting og amming.
  • Gi barnet gode sanseopplevingar ved å vere nær, halde om, tilby litt morsmjølk i munnen om mogleg, og bruk mamma- og pappaklut med kjente lukter.
  • Snakk med lav og roleg stemme.
  • Når barnet må gjennomgå smertefulle prosedyrar som ledd i behandlinga, er det godt for barnet at ein forelder er til stades når det er mogleg. Ein del av smertebehandlinga kan vere at du kan halde rundt barnet, gje sukkervatn, sitje hud mot hud eller at mor ammar. Vi rettleier dykk i situasjonen.
  • Barnet er følsamt for lukt, lyd og lys. Unngå sterke lukter frå parfyme og tobakk på hud og klede.
  • Unngå høge lydar. Mobil, datamaskin og fjernsyn kan vere forstyrrande og bør brukast med varsemd. Ha utstyret på lydlaust eller bruk gjerne hovudtelefonar.
  • Sterkt lys er ubehageleg og kan påverke både barnet sin søvn og vakne tilstand.
  • Du er den viktigaste personen i livet til barnet ditt. Bruk tida til å bli godt kjent.

Premature og sjuke nyfødde har fleire grader av søvn og vaken tilstand: Djup søvn, lett søvn, døsig, roleg vaken, uroleg vaken og gråt.

Det kan vere vanskeleg å skilje dei ulike tilstandane og å vite korleis du best kan trøyste og roe barnet ditt. Nyfødde kan trenge hjelp for å regulere mengda av søvn og vaken tilstand. Her spelar foreldra ei viktig rolle. Vi vil støtte dykk gjennom prosessen med å bli kjent med barnet.

Kenguruomsorg fremmer god søvn hos barnet. Foreldra sitt nærvær er med å beskytte barnet mot unødig forstyrring.

 

Premature og sjuke nyfødde har litt auka risiko for krybbedød. Når overvaking med pulsoksymeter er avslutta, frarår vi deg å sove med barnet hud mot hud. Legg barnet i si eiga seng når du kjenner at du er trøytt og held på å sovne.

Premature og sjuke nyfødde er sårbare og særleg utsett for infeksjonar. God handhygiene er derfor viktig under heile opphaldet. Hald neglene korte og utan naglelakk. Ta av deg klokke, ringar og smykke før du reingjer hendene. Du kan anten sprite hendene i 20 sekund eller vaske dei i rennande vatn 40 sekund. Mobiltelefon må spritast hyppig. Etter kontakt med mobiltelefon/PC må du sprite hendene igjen. 

Foreldre og besøkande kan ikkje vere i avdelinga med feber, oppkast eller diaré. Spør personalet viss du er forkjøla.Du må heller ikkje ha vore i kontakt med barn som har smittsame barnesjukdommar. Vasskoppar er særleg farleg for nyfødde. 

Spør personalet viss du er i tvil.​


Nyføddintensiv har ein familiebasert tilnærming. Foreldra er dei viktigaste personane for barnet. Difor ønskjer vi at de skal vere her mest mogleg. Så tidleg som mogleg ønskjer vi at minst ein av foreldra bur på avdelinga, anten på familierom når barnets tilstand tillèt det, eller på foreldrerom i tilknyting til barnets rom. Dette gjer det mogleg for dykk å vere tett på barnet, bli trygge i den daglege omsorga og hjelpe barnet inn i ein god rytme med mat, søvn og kvile.

Dagen startar ofte kring 07.30-tida. Då skal barnet ha dagens første stell og måltid, og ofte blir det også teke blodprøver på denne tida. Vi ønskjer at de støttar barnet ved blodprøvetaking og deltar i stellet heilt frå byrjinga.

Vi vil vere tilgjengelege for å gi dykk rettleiing og støtte til alle døgnets tider, og behandling og observasjonar av barnet vil alltid vere sjukepleiar sitt ansvar.

Legane går visitt til alle born kvar dag, vanlegvis mellom 09-11. Dykk er sjølvsagt velkomne til å vere med når legen ser til barnet dykkar. Under visitten evaluerast behandlinga, og ein legg ein plan for omsorga det kommande døgnet. Dette er òg ein fin anledning til å stille spørsmål til legen om barnet si tilstand og behandling. Om dei ikkje har anledning til å svare dykk der og då, vil dei alltid finne tid i nær framtid for å gi grundig informasjon. Legane er i umiddelbar nærleik heile døgnet.

Om det er andre barn på rommet, ber vi dykk ta på høyretefonar eller forlate rommet under visitten til det andre barnet. Dette blir praktisert av omsyn til teieplikta for helsepersonell og vern av den enkelte familie.

De må halde rommet reint og ryddig. Dette er både for å verne barnet mot infeksjonar og fordi det skal vere ein triveleg stad for familien og oss som arbeidar der. De har sjølve ansvar for å skifte sengetøy x 1 per veke. Personalet skaffar reint sengetøy ved behov.

Reinhaldspersonalet har ansvar for dagleg reingjering. Kjøleskapet på rommet er berre til oppbevaring av barnet si mjølk.

Mange opplever eit stort trykk av vener og familie som sender helsingar, lurer på korleis de og barnet har det, og som ønsker å kome på besøk. Dette kan nokre gonger opplevast svært godt, men andre gonger også overveldande. Det er lov å ta imot støtte og trøyst utan å ha så mykje å gi tilbake akkurat no. Det kan vere krevjande å skulle oppdatere heile nettverket på oppturar og nedturar. Ver bevisst på kor mykje dette krev av dykk. Nokre gonger kan det vere godt å berre stenge av, medan andre finn løysingar der dei oppdaterer ein nærståande som får ansvar for å informere vidare til ein avtalt gruppe nære og kjære.

Spør oss gjerne om råd.

 

Sist oppdatert 22.12.2023