Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Korleis og kvifor

Barnet mitt blir overvaka

Når barnet kjem til Nyføddintensiv, blir det lagt på overvaking. For å følgje med på kor mykje oksygen barnet har i blodet, blir det festa ei probe på arma eller foten til barnet, eller begge stader. Den måler oksygennivå i blodet (SpO2). Proben blir festa på huda til barnet med ein mjuk borrelås.

I tillegg festar vi 3 elektrodar på brystkassen som måler barnets hjartefrekvens og pustefrekvens. Desse verdiane får vi opp på ein skjerm ved barnets seng (skop). Dette gir oss viktig informasjon om korleis barnet fungerar og korleis vi best kan hjelpe barnet til å oppnå ønska verdiar.

Når verdien fell utanfor ønska område, vil ein alarm utløysast på skopet.

Veldig ofte vil ein ikkje gjere anna enn å skru av alarmen og observere korleis barnet handterer situasjonen sjølv. Andre gonger er alarmen eit uttrykk for at barnet treng litt hjelp eller støtte. Sjukepleiarane er godt trente i å vurdere dei ulike alarmane og behov for tiltak. Husk at det alltid er sjukepleiaren som har ansvaret for barnets overvaking.

Når pleiaren ikkje er til stades på rommet, vil viktige alarmer overførast til mobil til den ansvarlege pleiaren.

Mange blir redde dei første gongene det kjem lydar frå skopet, det er heilt normalt. Snakk med sjukepleiaren som passar barnet om korleis alarmen og verdiane tolkast.

Sist oppdatert 22.12.2023