Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kva skjer?

Barnet mitt blir flytta til Nyføddintensiv

Når barnet ditt kjem til Nyføddintensiv, vil ein sjukepleiar ta imot det. Den nyfødde blir lagt på overvaking, og innan kort tid vil ein barnelege undersøke barnet. Ein pleiar vil vere saman med barnet ditt heile tida, til du som er forelder kjem til Nyføddintensiv. Avhengig av behova til barnet vil behandlinga starte fortløpande.

Når foreldrene kjem, vil vi først og fremst forklare kva observasjonar og behandling som er starta, og deretter forklare korleis ting vil fungere den næraste tida. Vi veit at foreldre har mange spørsmål når barnet er flytta til nyføddintensiv. Vi skal forsøke å svare på alle så godt vi kan. Ikkje ver redd for å gå i vegen eller å forstyrre oss. Ver trygg på at vi alltid vil sette barnets behov først, så enkelte gonger vil vi måtte sikre at barnet er ivaretatt først, før vi har tid til å forklare.

Straks du kjem til nyføddintensiv, må du vaske hendene og underarmane godt. Vi har også ein “berre armer” policy, som betyr ingen klær, smykker, ringer, klokker eller falske negler under albogen.

Når barnet er stabilt nok, vil vi så snart som mogleg løfte barnet ut på mor, far eller medmors bryst, der barnet får ligge hud mot hud. Nokre gonger treng barnet litt tid før det tåler å bli flytta. Det er sjukepleiars ansvar å vurdere om barnet er klart for forflytting. Om du ikkje kan få halde barnet ditt på brystet enda, kan du veldig gjerne halde om barnet i senga eller kuvøsen. Slik kan barnet kjenne hudkontakt, varme og bli kjend med lukten av mamma eller pappa.

Vi vil halde dykk løpande orientert om barnets utvikling og plan for behandling, og barnet vil aldri vere åleine.

Personalet arbeidar skift, sjukepleiargruppen arbeidar dagvakt frå 07-15, seinvakt frå 14.30-22.00, og nattevakt frå 21.30-07.15. Legane går visitt til alle barn kvar dag, og er i umiddelbar næleik heile døgnet. Under visitten evaluerast behandlinga, og ein legg ein plan for omsorgen det kommande døgnet. Dette er også ein fin anledning til å stille spørsmål til legen om barnets tilstand og behandling. Om dei ikkje har anledning til å svare deg der og då, vil dei alltid finne tid i nær framtid til å gi grundige forklaringar.



Sist oppdatert 22.12.2023