
Musikkterapi er ei ressursorientert terapiform. På Haukeland ligg hovudfokuset på å bruke musikk som kommunikasjon, og som ein annan måte å vere saman på i ein kvardag prega av sjukdom og behandling.
Fokus og problemstillingar for musikkterapitimane kan mellom anna vere deltaking, meistring, anerkjenning, glede, smertemeistring, bearbeiding, tilknyting, relasjon, grunnleggande kommunikasjon, konsentrasjon, identitet og kroppsbevisstheit.
Musikkterapitilbodet varierer frå individuelle timar på rom eller musikkrom, til planlagde eller improviserte grupper, og arbeidsformene for timane varierer då også ut frå dette.
Eksempel på arbeidsformer er improvisasjon, song, samspel av preferansebasert musikk, lytting til musikk, bandsamspel og songskriving.