Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Barne- og ungdomsklinikken

Kva skjer med tilvisinga mi?

Etter at du har vore hos fastlegen din og de har blitt einige om at barnet bør tilvisast til Barne- og ungdomsklinikken, sender fastlegen ei tilvising til oss.

Gutt på fanget til far, lege sjekker blodtrykket. Foto

Vurdering

Ein overlege ved Barne- og ungdomsklinikken vurderer tilvisinga. Dette skjer vanlegvis innan ei veke (seinast 30 dagar) etter at ho er registrert motteken ved klinikken.

Overlegen avgjer om barnet treng innlegging eller poliklinisk time. Han eller ho kan også avvise tilvisinga dersom det ikkje er medisinsk grunnlag for å undersøke barnet ved Barne- og ungdomsklinikken. Overlegen vil også avgjere hastegrad ut frå opplysningane i tilvisinga.

Ventetid

Dei fleste barn vil få avtale om innlegging eller time på poliklinikk innan 3 månader, men det kan også vera tilfelle der ein må vente inntil 6 månader for avtale.

Det kan vere fordi det er hensiktsmessig reint medisinsk (avvente prøvesvar eller andre undersøkingar), eller det kan skuldast manglande kapasitet og legen meiner det er forsvarleg å vente.

Innkallingsbrev / svar

Straks det er teke ei avgjerd vil det bli sendt ut eit brev der det går fram kor tid barnet skal møte, kor barnet skal møte og om det krev spesiell førebuing (fastande, Helsebok, gym-klede, etc.). Dersom tilvisinga er avvist vil det vere informasjon om korleis ein klagar på vedtaket dersom ein ønskjer det.

Er du bekymra for barnet?

Dersom du er uroleg for barnet ditt og meiner den tildelte innlegginga eller timen er for lenge å vente, må du ta kontakt med legen som tilviste barnet og be denne kontakte oss og eventuelt få framskunda avtalen. Det er dessverre ikkje mogleg for pasient / føresette å ta direkte kontakt med Barne- og ungdomsklinikken for slike førespurnader.

Dersom du har spørsmål om tidspunkt for innlegging eller poliklinisk time, har behov for å endre time eller har andre spørsmål knytt til avtalen ved Barne- og ungdomsklinikken, sjå hovudsida vår for kontaktopplysningar.

Sist oppdatert 15.09.2016