På eit sjukehus er det mykje venting og ein veit lite om kva som skal hende. Når barna får uttrykke seg kreativt er håpet at dei midt i alt det usikre kan kjenne seg trygge ei stund, og at dei skal få gløyme sjukdommen litt.
Her kan du lese meir om korleis teikning kan hjelpe barna i ein ny kvardag
Som ein leik kan barna starte på ei reise inn i ei verd av fargar, og her får dei lov til å bestemme heilt sjølve. Kan hende vil det dei lagar bli noko som liknar på noko, kan hende blir det ei fargestemning. Ingenting er rett eller feil. Det beste er om barnet sitt uttrykk får stå fritt, utan for mykje innblanding frå vaksne. Kunstterapeuten tar alltid utgangspunkt i det som utspelar seg på papiret, prøver å vere open og unngå forhasta slutningar. Så snart noko hender på papiret, er ein “samtale” i gang. Det er samtalen barnet har med seg sjølv ved hjelp av fargar og former. Det hender barnet sjølv vil sette ord på det som hender i prosessen, noko som er svært kontaktskapande.
Vi målar samanMariell si teikning til trappegangen på Marie Joys HusMedan vi teiknar seier Mariell:- Først vil eg teikne ein klovn.’ Oi, legen er litt stor. Han må bøye seg. - Kanskje han snakkar med nokon?- Ja, eg skal teikne ein baby. Sånn!- Du, kva heiter det når du er på sjukehus? Eg veit det, pasient! Eg skriv PASIENT Om kunstterapeuten møter eit barn over tid, kan dei saman legge ut på ei reise der tankar og kjensler kan bearbeidast. Då er det fint at barnet sjølv kan skape alle dei fargar og former det treng for å uttrykke seg. Meir enn å gi svar, prøver kunstterapeuten å sjå til at “samtalen” barnet har starta ikkje stoppar opp. Kvar reise er unik fordi kvart barn er unikt. Målet er at reisa skal gje meir kraft.
Kunstterapi som del av prosjektet «Kunsten å bli frisk» var eit nytt tilbod ved Haukeland universitetssjukehus i 2017.
Kontakt:
Tilbodet om kunstterapi er både til pasientane og pårørande (foreldre/søsken)
Det er ikkje behov for tilvising. Dersom pasienten ikkje kan forlate rommet, kan kunstterapeuten kome til han/henne.
Kunstterapeuten jobbar ein dag i veka i Psykisk helsevern for barn og unge i Glasblokkene 1 og tre dagar på Barne- og ungdomsklinikken i Marie Joys hus, med base i Leiketerapien.
Du kan ta kontakt med personale på post for å kome i kontakt med kunstterapeuten, eller kontakte ho direkte på
E-post: irenkleiven@helse-bergen.no
Telefon: 55971543
Kunsten å bli frisk
«Kunsten å bli frisk» starta som eit samarbeidsprosjekt mellom Kunstfrisk og Haukeland Universitetssjukehus. Prosjektet var treårig og hadde som formål å utvikle og etablere kunstterapi som eit varig tilbod for barn og unge ved sjukehuset.
«Kunsten å bli frisk» vart finansiert av Rieber Fondene, Grieg Foundations, Sparebanken Vest og Barne- og Ungdomsklinikken.
Ein kunstterapeut vart tilsett i ei 20 prosent stilling i august 2017. Ved hjelp av sponsormidlar auka stillinga til 80 prosent frå 1. januar 2018. Prosjektet vart leia av lege Maria Engh Hag, i samarbeid med einingsleiar og klinikkdirektør Ansgar Berg.
Kunstterapeuten arbeider ein dag i veka i Psykisk helsevern for barn og unge i Glasblokkene og tre dagar på Barne- og ungdomsklinikken i Marie Joys hus, med base i teamet Musikk - Leik - Kunst. Etter ferdig prosjektperiode var målet at stillinga som kunstterapeut skulle bli permanent.
I løpet av prosjekttida vart boka "La barnet vise vegen - elleve pasientskildringar frå kunstterapi" til.

Omslaget av boka "La barnet vise vegen"
Synleggjering av kva kunstterapi er gjennom desse pasientskildringane var ein viktig faktor for at Barne - og ungdomsklinikken for første gong tilsette kunstterapeut i fast stilling (1. januar 2021). Målet med å innføre kunstterapi ved sjukehuset er å etablere klinisk praksis på området og følgje denne opp som ledd i klinikkens kvalitetsarbeid med intensjon om etablering av eit forskingsprosjekt på området.

Utdrag frå kapittelet "Smertelindring"
Ønsker du å lese boka? Ta kontakt her
Kunstterapitilbodet skal gagne alle barn- og unge under 18 år ved Haukeland Universitetssjukehus, både i somatikk og Psykisk helsevern for barn- og unge. Tilbodet blir opplevd som eit viktig bidrag til trivsel i barn- og unge sin sjukehuskvardag. Tilbodet om kunstterapi inkluderer også pårørande til innlagte barn- og unge ved sjukehuset. Kunstterapi føregår på pasientrom og i Fysioterapirommet i Marie Joys hus. Ved Psykisk helsevern for barn og unge er timane på skulekjøkkenet i Glasblokkene.
Trappekunst julen 2020 from Haukeland University Hospital on Vimeo.