Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Kva skjer hos oss?

​Våre tenester skal støtte det kommunale hjelpeapparatet og vere eit supplement og ei forsterking av det tilbodet som barn og unge får i sine kommunar.

Familien kjem til å møta fleire ulike fagpersonar ved konsultasjonen. Det blir tilrådd å førebu barnet/ungdommen på dette.

Det er lurt å ha på seg klede det er lett å bevega seg i. Mange synest det er komfortabelt å ha på seg ein shorts.

Ta med ortoser som barnet/ungdommen bruker til vanleg og eventuelt hjelpemidler ved behov.

Ta kontakt med resepsjonen når dei kjem, eller sjekk inn elektronisk.

Ved første konsultasjonen sender me ut skjema for pasientdata-opplysningar som vedlegg til innkallingsbrevet. Dette er informasjon som er viktig for arbeidet vårt med barnet. Me ber om at dei fyller ut og leverer skjemaet til hovudkontakten deira for dagen.

For stadfesting til søknad om dekking av reiseutgifter, kontakt resepsjonen

Timeplan for dagen står i innkallingsbrevet, og når ein familie kjem til HABU får dei også høyra planen munnleg.

Alle pasientar har ein hovudkontakt ved tverrfaglige polikliniske konsultasjonar på HABU. Hovudkontakten koordinerer forarbeid, gjennomføring og etterarbeid i kvar enkelt pasientsak og skal fungera som ein kontaktperson mellom familie og HABU.

Familien vil få munnleg informasjon om kva som vil skje i etterkant av konsultasjonsdagen og dette vil også bli beskrive i eit tverrfagleg samanfattande brev.

Det blir sendt ut eit oppsummerande brev til foreldre / føresette, tilvisande instans og andre lokale fagpersonar etter samtykke med foreldre.

Tilbake til HABUs forside

Finne fram til Glasblokkene.

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

Haukeland Hotell ligg like ved sjukehuset, ring: 55976800. Sjukehuset dekkjer ikkje utgifter til reise og opphald for pårørande til vaksne pasientar. Ta eventuelt kontakt med NAV. ​

Sist oppdatert 08.05.2024