Hovudkontakt
Hovudkontakten koordinerer forarbeid, gjennomføring og etterarbeid i den enkelte pasientsak og skal fungere som ein kontaktperson mellom familie og HABU.
Konsultasjonsdagen
Når ein familie kjem til HABU får dei ein timeplan for dagen. Når familien er ferdig med programmet for dagen, møter hovudkontakten dei igjen for ei kort oppsummering.
Her kan eventuelle uklare ting blir oppklart, og spørsmål kan svarast på. Det blir også informert om kva som vil skje i etterkant av konsultasjonsdagen og om oppsummeringsnotatet.
Oppsummerande brev
Det blir sendt ut eit oppsummerande brev til foreldre / føresette, tilvisande instans og andre lokale fagpersonar etter samtykke med foreldre.
Når de kjem til avdelinga
Ta kontakt med resepsjonen når de kjem. Som vedlegg til innkallingsbrevet sender vi ut skjema for pasientdata-opplysningar. Dette er informasjon som er viktig for vårt arbeid med barnet. Vi ber om at de fyller ut og leverer skjemaet i resepsjonen. For stadfesting til søknad om dekking av reiseutgifter, kontakt resepsjonen.
Habiliteringstilbodet hos oss