Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Starthjelp

Eit førebyggjande lærings- og meistringstilbod for nye foreldre av barn med nedsett funksjonsevne eller langvarig sjukdom.

Foreldre som nyleg har fått vite at barna deira (0-6 år) har nedsett funksjonsevne eller langvarig sjukdom, og som vil ha behov for tett oppfølging frå helse- og omsorgstenesta framover.

Kurset går over fire heile dagar.

Det blir lagt opp til varierte kursdagar, med erfaringsinnlegg frå foreldre frå relevante brukarorganisasjonar (mellom anna NFU og CP-foreininga) og innlegg frå fagpersonar frå ulike delar av hjelpeapparat og samtale og utveksling av erfaringar i mindre grupper og i plenum.  

I tilbodet er det lagt til rette for formidling av informasjon og kunnskap om dei moglegheitene og rettar som familien har, om det å meistrar familielivet, foreldrerolla og kvardagen og for utveksling av erfaringar. Tilbodet representerer også ein møtestad mellom foreldre og fagpersonar frå ulike delar av tenesteapparatet og mellom foreldre som er i liknande situasjon.

Tema som blir teke opp i kurset:

  • «Systema rundt oss»: Informasjon om hjelpesystema, rettar og moglegheiter
  • «Familie og nettverk»: Familieliv, foreldrerolle, søsken som pårørande og støtte frå nettverk
  • «Samspel med barnet»: Barns utvikling, samspel og kvardagsliv med barnet
  • «Håp og meistring»: Vanlege reaksjonar, meistring og eigenomsorg for foreldre

Formålet med kurset er å bidra til at deltakarane kan oppleva håp og meistring i den nye livssituasjonen og slik førebyggja eller redusera psykiske helseproblem og belastningar hos alle i familien.

Kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga på HABU og er kostnadsfritt.

Dette kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga ved HABU. Pasientar med oppfølging ved HABU eller deira føresette kan ta kontakt på telefon eller e-post:

Telefon 55 97 83 35

E-post barnehab@helse-bergen.no (ikkje sensitive opplysningar)

Neste planlagte kurs kjem her. 


Tilbake til Kurs og grupper

Kurskalender for HABU

  • Foreldregruppe - søsken som pårørande
    Tilbod til foreldre med temaet å ta vare på søsken til barn med funksjonsnedsetjing.
    Foreldregruppe - søsken som pårørande
    30.
    mai
    2024
  • Foreldre på vakt
    Å styrkja føresette i omsorgsrolla deira ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg.
    Foreldre på vakt
    31.
    mai
    2024
  • Plutseleg vaksen
    Eit gruppebasert kurs for føresette om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.
    Plutseleg vaksen
    3.
    september
    2024
    2 dagar
  • Foreldrekurs (CFS/ME)
    Informasjon og oppdatert kunnskap frå dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU.
    Foreldrekurs (CFS/ME)
    1.
    oktober
    2024
  • Seksuell helse og utviklingshemming
    Kurset tek opp fleire tema knytt til seksuell helse og å ha diagnosen utviklingshemming
    Seksuell helse og utviklingshemming
    1.
    oktober
    2024
  • Foreldre på vakt
    Å styrkja føresette i omsorgsrolla deira ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg.
    Foreldre på vakt
    2.
    oktober
    2024
Sist oppdatert 08.05.2024