Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Seksuell helse og utviklingshemming

Kurset tek opp fleire tema knytt til seksuell helse og å ha diagnosa utviklingshemming

Kurset passar for foreldre/føresette, personal frå skule og personal frå f.eks. avlastingsbustad (kommunale helse- og omsorgstenester).

Det er to ulike kurs - eitt retta mot diagnosa lett utviklingshemming, og eitt retta mot moderat og dyp utviklingshemming.

Kurset Seksuell helse tek for seg:

  • Kva er seksuell helse
  • Menneskets seksuelle utvikling
  • Korleis gi opplæring i seksualitet til barn og ungdom med utviklingshemming
  • Kva er sunn seksuell helse
  • Kva er ønskt/problematisk seksuell åtferd
  • Seksuelle overgrep
  • Internett

Kurset varer i 3 timar; klokka 10 til 13.

Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år kan det vera ein eigendel.

Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenestar og kurset vil vera kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort (helsenorge.no).

Dette kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga ved HABU. Pasientar med oppfølging ved HABU eller deira føresette kan ta kontakt direkte til kursholder på e-post: selena.solberg@helse-bergen.no.

Andre må tilvisast til kurs på HABU frå fastlegen, sjå her for meir informasjon: Tilvising

Neste planlagte kurs er 1.oktober og 2.oktober i 2024.


Tilbake til Kurs og grupper

Kurskalender for HABU

  • Foreldregruppe - søsken som pårørande
    Tilbod til foreldre med temaet å ta vare på søsken til barn med funksjonsnedsetjing.
    Foreldregruppe - søsken som pårørande
    30.
    mai
    2024
  • Foreldre på vakt
    Å styrkja føresette i omsorgsrolla deira ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg.
    Foreldre på vakt
    31.
    mai
    2024
  • Plutseleg vaksen
    Eit gruppebasert kurs for føresette om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.
    Plutseleg vaksen
    3.
    september
    2024
    2 dagar
  • Foreldrekurs (CFS/ME)
    Informasjon og oppdatert kunnskap frå dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU.
    Foreldrekurs (CFS/ME)
    1.
    oktober
    2024
  • Seksuell helse og utviklingshemming
    Kurset tek opp fleire tema knytt til seksuell helse og å ha diagnosen utviklingshemming
    Seksuell helse og utviklingshemming
    1.
    oktober
    2024
  • Foreldre på vakt
    Å styrkja føresette i omsorgsrolla deira ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg.
    Foreldre på vakt
    2.
    oktober
    2024
Sist oppdatert 08.05.2024