Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Plutseleg vaksen

Eit gruppebasert kurs for føresette om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.

Passar for føresette som har ungdom som snart fyller 18 år, som har omfattande og samansette funksjonsnedsetjingar, med behov for oppfølging frå familie og hjelpeapparatet på vegen inn i vaksenlivet.

Både foreldrepar, enkeltståande foreldre eller andre føresette kan delta.

Det er eit to dagars kurs om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.

Me ønskjer å skapa ein arena kor føresette får informasjon og delar erfaringane sine med kvarandre.

Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år kan det vera ein eigendel.

Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenestar og kurset vil vera kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort (helsenorge.no).

Dette kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga ved HABU. Pasientar med oppfølging ved HABU eller deira føresette kan ta kontakt på telefon eller e-post:

Telefon 55 97 83 35

E-post barnehab@helse-bergen.no (ikkje sensitive opplysningar)

 

Andre må tilvisast til kurs på HABU frå fastlegen, sjå her for meir informasjon: Tilvising

Neste planlagte kurs er 3.-4.september 2024.


Tilbake til Kurs og grupper

Kurskalender for HABU

  • Foreldregruppe - søsken som pårørande
    Tilbod til foreldre med temaet å ta vare på søsken til barn med funksjonsnedsetjing.
    Foreldregruppe - søsken som pårørande
    30.
    mai
    2024
  • Foreldre på vakt
    Å styrkja føresette i omsorgsrolla deira ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg.
    Foreldre på vakt
    31.
    mai
    2024
  • Plutseleg vaksen
    Eit gruppebasert kurs for føresette om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.
    Plutseleg vaksen
    3.
    september
    2024
    2 dagar
  • Foreldrekurs (CFS/ME)
    Informasjon og oppdatert kunnskap frå dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU.
    Foreldrekurs (CFS/ME)
    1.
    oktober
    2024
  • Seksuell helse og utviklingshemming
    Kurset tek opp fleire tema knytt til seksuell helse og å ha diagnosen utviklingshemming
    Seksuell helse og utviklingshemming
    1.
    oktober
    2024
  • Foreldre på vakt
    Å styrkja føresette i omsorgsrolla deira ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg.
    Foreldre på vakt
    2.
    oktober
    2024
Sist oppdatert 08.05.2024