Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Foreldresamling (CFS/ME)

Informasjon og oppdatert kunnskap frå dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU

Foreldre til barn og ungdom med CFS/ME som blir følgt opp ved HABU.

Kurset kan vere nyttig for både nydiagnostiserte og for dei som har hatt diagnosen ei stund.

Samlinga går over ein dag, og blir arrangert av ME-teamet ved HABU saman med Lærings- og meistringssenteret.

Tema som vil bli teke opp i løpet av samlinga er oppdatert kunnskap om CFS/ME og tiltak knytte til (til dømes) energiøkonomisering, aktivitetsavpassing, rettar, dialog og samarbeid med skule, psykososiale aspekt og familieliv når eit barn har ME og eigenomsorg for foreldre. Dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU vil vere med heile dagen (lege, fysioterapeut, ergoterapeut, sosionom, pedagog og psykolog).

Dette er eit godt høve til å treffe andre foreldre i liknande situasjon. Vi vil legge opp til dialog mellom foreldre og fagpersonar og erfaringsutveksling over tema og problemstillingar som er særskilt for foreldre til barn og ungdom med CFS/ME.

Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år.

Frå 16 år kan det vere ein eigendel. Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenestar og kurset vil vere kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort (helsenorge.no).

Tidspunkt for neste samling kjem her.

  
Tilbake til Kurs og grupper

Kurskalender for HABU

  • Starthjelp
    Starthjelp er eit lærings- og meistringstilbud for foreldre til unge barn med funksjonsnedsettelse eller langvarig sykdom
    Starthjelp
    3.
    mars
    2025
    4 dagar
  • Bleieslutt
    Ei innføring i ein intensiv metode for barn som skal slutta med bleie.
    Bleieslutt
    5.
    mai
    2025
  • Foreldresamling - om søsken som pårørande
    Tilbod til foreldre med temaet å ta vare på søsken til barn med funksjonsnedsetjing.
    Foreldresamling - om søsken som pårørande
    12.
    mai
    2025
  • Workshop i "Praktisk ASK"
    Ein workshop om kommunikasjonshjelpemiddel for foreldre og fagfolk.
    Workshop i "Praktisk ASK"
    4.
    september
    2025
  • Plutseleg vaksen
    Eit gruppebasert kurs for føresette om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.
    Plutseleg vaksen
    8.
    september
    2025
    2 dagar
  • Bleieslutt
    Ei innføring i ein intensiv metode for barn som skal slutta med bleie.
    Bleieslutt
    25.
    september
    2025
Sist oppdatert 19.03.2025