Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Tilpasset MAP-kurs til kommune/hjelpeapparat

MAP er eit heilskapleg opplæringsprogram i forståing, førebygging, handtering og oppfølging av aggresjons- og valdsproblematikk.

Tenesteytarar som ønskjer å bli betre rusta til å møta utfordrande åtferd på ein omsorgsfull, varetakande og samtidig trygg måte.

MAP er eit heilskapleg opplæringsprogram i forståing, førebygging, handtering og oppfølging av aggresjons- og valdsproblematikk, for å gjera hjelparar betre rusta til å møta utfordrande åtferd på ein omsorgsfull, varetakande og samtidig trygg måte.

HABU tilbyr eit tilpassa MAP-kurs som blir skreddarsydd til tenesteytarar rundt det enkelte barnet/ungdommen.

Vanlegvis går opplæringa over ein dag.

Kurset er kostnadsfritt.

Foreldre til pasientar med oppfølging på HABU kan ta kontakt på telefon eller e-post. Tenesteytere som ønskjer bestillerkurs utanom pasientsaker kan og ta kontakt med HABU på telefon eller e-post for meir informasjon.

Telefon 55 97 83 35

E-post barnehab@helse-bergen.no. Hugs ikkje sensitive opplysninger på e-post. 


Andre må tilvisast til kurs på HABU frå fastlegen, sjå her for meir informasjon: Tilvising

Kurskalender for HABU

  • Foreldregruppe - søsken som pårørande
    Tilbod til foreldre med temaet å ta vare på søsken til barn med funksjonsnedsetjing.
    Foreldregruppe - søsken som pårørande
    30.
    mai
    2024
  • Foreldre på vakt
    Å styrkja føresette i omsorgsrolla deira ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg.
    Foreldre på vakt
    31.
    mai
    2024
  • Plutseleg vaksen
    Eit gruppebasert kurs for føresette om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.
    Plutseleg vaksen
    3.
    september
    2024
    2 dagar
  • Foreldrekurs (CFS/ME)
    Informasjon og oppdatert kunnskap frå dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU.
    Foreldrekurs (CFS/ME)
    1.
    oktober
    2024
  • Seksuell helse og utviklingshemming
    Kurset tek opp fleire tema knytt til seksuell helse og å ha diagnosen utviklingshemming
    Seksuell helse og utviklingshemming
    1.
    oktober
    2024
  • Foreldre på vakt
    Å styrkja føresette i omsorgsrolla deira ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg.
    Foreldre på vakt
    2.
    oktober
    2024
Sist oppdatert 21.12.2023