Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Foreldre på vakt

Å styrkja føresette i deira omsorgsrolla ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg

Målgruppe er føresette til barn og unge (0 – 18 år) som får oppfølging av HABU og som har ein diagnose/sjukdom som krev kontinuerleg merksemd, til dømes diagnosar som inneber:

  • komplekse medisinske utfordringar, med akutt sjukdom og/eller anfall
  • raskt progressivt forløp, med gradvis forverring av symptom
  • åtferdsutfordringar, der barnet lett hamnar i farlege situasjonar eller kan skada seg sjølv og andre

Målet med kurset er å styrkja føresette i deira omsorgsrolle ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg. Det vil bli lagt til rette for å stille spørsmål og dele erfaringar i mindre grupper.

Kurset er eit samarbeid mellom HABU og Frambu kompetansesenter for sjeldne diagnosar. Se Foreldre på vakt (frambu.no) for meir informasjon om kurset. 

Kurset er kostnadsfritt for foreldre til barn og unge under 16 år. Det kan vere en eigenandel for ungdom frå 16 år.

Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenestar og kurset vil vera kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort (helsenorge.no).

Dette kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga ved HABU. Pasientar med oppfølging ved HABU eller deira føresette kan ta kontakt på telefon eller e-post:

Telefon 55 97 83 35

E-post barnehab@helse-bergen.no (ikkje sensitive opplysningar)

Neste kurs: 13.november 2025

   
Tilbake til Kurs og grupper

Kurskalender for HABU

  • Starthjelp
    Starthjelp er eit lærings- og meistringstilbud for foreldre til unge barn med funksjonsnedsettelse eller langvarig sykdom
    Starthjelp
    3.
    mars
    2025
    4 dagar
  • Bleieslutt
    Ei innføring i ein intensiv metode for barn som skal slutta med bleie.
    Bleieslutt
    5.
    mai
    2025
  • Foreldresamling - om søsken som pårørande
    Tilbod til foreldre med temaet å ta vare på søsken til barn med funksjonsnedsetjing.
    Foreldresamling - om søsken som pårørande
    12.
    mai
    2025
  • Workshop i "Praktisk ASK"
    Ein workshop om kommunikasjonshjelpemiddel for foreldre og fagfolk.
    Workshop i "Praktisk ASK"
    4.
    september
    2025
  • Plutseleg vaksen
    Eit gruppebasert kurs for føresette om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.
    Plutseleg vaksen
    8.
    september
    2025
    2 dagar
  • Bleieslutt
    Ei innføring i ein intensiv metode for barn som skal slutta med bleie.
    Bleieslutt
    25.
    september
    2025
Sist oppdatert 19.03.2025