Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

E-PATS

Eit gruppetilbod for foreldre som har barn med ei utviklingsforseinking i alderen 0-6 år.

E-PATS er eit tilbod til foreldre som har barn med ei utviklingsforseinking i alderen 0-6 år. Målsetjinga er å gi foreldrestøtte i foreldrerolla, og på den måten førebyggja at barna utviklar utfordrande åtferd.

Gruppa møtest 4 heile dagar der ein har ulike tema dei ulike gongene. Målsetjinga er å gi foreldrestøtte i foreldrerolla, og på den måten førebyggja at barna utviklar utfordrande åtferd.

Me går igjennom ulike tema som alle er viktig for å førebyggja utfordrande åtferd:

  • Hjelpeapparatet, sikre at foreldre veit kva støtte som finst, unngå at foreldre slit seg ut.
  • Strategiar for korleis foreldre kan ta vare på seg sjølv i ei krevjande omsorgsrolle.
  • Overskot hos foreldre bidreg til at ein kan handtera utfordringar hos barna på ein betre måte.
  • Søvn, støtte foreldre i korleis få til god søvn hos barnet.
  • Kommunikasjon; støtte foreldre i korleis leggja til rette for god kommunikasjon med barnet.
  • Ferdigheiter; strategiar for korleis ein kan engasjera barna i leik, aktivitetar og kvardagslivsferdigheiter.
  • Utfordrande åtferd; Korleis forstå, førebyggja og handtera utfordrande åtferd hos barnet.

I tillegg til faglig informasjon så er det lagt vekt på at foreldre deler erfaringer og at en sammen kommer frem til gode løsninger som passer for den enkelte. En tenker at det er foreldre som er ekspert på barna sine, men at en sammen kan finne frem til redskap som kan være nyttige.

Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år kan det vera ein eigendel.

Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenestar og kurset vil vera kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort (helsenorge.no).

Dette kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga ved HABU. Pasientar med oppfølging ved HABU eller deira føresette kan ta kontakt på telefon eller e-post:

Telefon 55 97 83 35

E-post barnehab@helse-bergen.no (ikkje sensitive opplysningar)

 

Andre må tilvisast til kurs på HABU frå fastlegen, sjå her for meir informasjon: Tilvising

Planlagte kurs kjem her.


Tilbake til Kurs og grupper

Kurskalender for HABU

  • Foreldregruppe - søsken som pårørande
    Tilbod til foreldre med temaet å ta vare på søsken til barn med funksjonsnedsetjing.
    Foreldregruppe - søsken som pårørande
    30.
    mai
    2024
  • Foreldre på vakt
    Å styrkja føresette i omsorgsrolla deira ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg.
    Foreldre på vakt
    31.
    mai
    2024
  • Plutseleg vaksen
    Eit gruppebasert kurs for føresette om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.
    Plutseleg vaksen
    3.
    september
    2024
    2 dagar
  • Foreldrekurs (CFS/ME)
    Informasjon og oppdatert kunnskap frå dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU.
    Foreldrekurs (CFS/ME)
    1.
    oktober
    2024
  • Seksuell helse og utviklingshemming
    Kurset tek opp fleire tema knytt til seksuell helse og å ha diagnosen utviklingshemming
    Seksuell helse og utviklingshemming
    1.
    oktober
    2024
  • Foreldre på vakt
    Å styrkja føresette i omsorgsrolla deira ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg.
    Foreldre på vakt
    2.
    oktober
    2024
Sist oppdatert 08.05.2024