Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

E-PATS

Eit gruppetilbod for foreldre som har barn med ei utviklingsforsinking i alderen 0-6 år

E-PATS er eit tilbod til foreldre som har barn med ei utviklingsforsinking i alderen 0-6 år. Målsettinga er å gi foreldrestøtte i foreldrerolla, og på den måten førebygge at barna utviklar utfordrande åtferd.

Gruppa møtest 4 heile dagar der ein har ulike tema dei ulike gongene. Målsettinga er å gi foreldrestøtte i foreldrerolla, og på den måten førebygge at barna utviklar utfordrande åtferd.

Vi går igjennom ulike tema som alle er viktig for å førebygge utfordrande åtferd:

  • Hjelpeapparatet, sikre at foreldre veit kva støtte som finst, unngå at foreldre slit seg ut.
  • Strategiar for korleis foreldre kan ta vare på seg sjølv i ei krevjande omsorgsrolle.
  • Overskot hos foreldre bidreg til at ein kan handtera utfordringar hos barna på ein betre måte.
  • Søvn, støtte foreldre i korleis få til god søvn hos barnet.
  • Kommunikasjon; støtte foreldre i korleis legge til rette for god kommunikasjon med barnet.
  • Ferdigheiter; strategiar for korleis ein kan engasjera barna i leik, aktivitetar og kvardagslivsferdigheiter.
  • Utfordrande åtferd; Korleis forstå, førebygge og handtere utfordrande åtferd hos barnet.

I tillegg til faglig informasjon så er det lagt vekt på at foreldre deler erfaringar og at ein saman kjem fram til gode løysingar som passar for den enkelte. Ein tenker at det er foreldre som er ekspert på sine barna, men at ein saman kan finne fram til reiskap som kan vere nyttige.

Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år.

Frå 16 år kan det vere ein eigendel. Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenestar og kurset vil vere kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort (helsenorge.no).

Dette kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga ved HABU. Pasientar med oppfølging ved HABU eller deira føresette kan ta kontakt på telefon eller e-post:

Telefon 55 97 83 35

E-post barnehab@helse-bergen.no (ikkje sensitive opplysningar)

 

Andre må tilvisast til kurs på HABU frå fastlegen, sjå her for meir informasjon: Tilvising

Neste kurs: 16.10.25

 

Tilbake til Kurs og grupper

Kurskalender for HABU

  • Starthjelp
    Starthjelp er eit lærings- og meistringstilbud for foreldre til unge barn med funksjonsnedsettelse eller langvarig sykdom
    Starthjelp
    3.
    mars
    2025
    4 dagar
  • Bleieslutt
    Ei innføring i ein intensiv metode for barn som skal slutta med bleie.
    Bleieslutt
    5.
    mai
    2025
  • Foreldresamling - om søsken som pårørande
    Tilbod til foreldre med temaet å ta vare på søsken til barn med funksjonsnedsetjing.
    Foreldresamling - om søsken som pårørande
    12.
    mai
    2025
  • Workshop i "Praktisk ASK"
    Ein workshop om kommunikasjonshjelpemiddel for foreldre og fagfolk.
    Workshop i "Praktisk ASK"
    4.
    september
    2025
  • Plutseleg vaksen
    Eit gruppebasert kurs for føresette om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.
    Plutseleg vaksen
    8.
    september
    2025
    2 dagar
  • Bleieslutt
    Ei innføring i ein intensiv metode for barn som skal slutta med bleie.
    Bleieslutt
    25.
    september
    2025
Sist oppdatert 19.03.2025