Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Workshop i "Praktisk ASK"

ASK-teamet jobbar for at barn og unge med behov for eit kommunikasjonshjelpemiddel skal få kunna læra å uttrykkja seg på best mogleg måte.

Foreldre og lokale samarbeidspartnarar (skule, barnehage, avlasting) til barn og ungdom som har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) i kvardagen sin og som har oppfølging av Habiliteringstenesta for barn og unge i Bergen.

Workshopen går over 4 timar i lokala til HABU:

  • Dagen startar med ein introduksjon av ASK-teamet ved HABU etterfølgd av ei kort forelesing om kommunikasjon og tilrettelegging.
  • Deretter vil det bli god tid til å prata med dei ulike produsentane og/eller oss. Det er lagt opp ulike leikestasjonar, oppgåver og ulikt innhald, som kan gi gode drøftingar i teamet rundt barnet.

Barnet eller ungdommen skal ikkje delta på denne workshopen, det er for samarbeidspartnarar rundt barnet/ungdommen som bruker kommunikasjonshjelpemiddelet saman med dei.

På workshopen har me med ulike leverandørar som alle er ulike produsentar av kommunikasjonshjelpemiddel. Dei vil ha med seg utstyr som kan prøvast og dei kan svara på spørsmål rundt hjelpemidla. Det kan vera nyttig å ha med barnet/ungdommen sine eigne kommunikasjonshjelpemiddel på dagen dersom de har aktuelle eller spesifikke problemstillingar eller vanskar knytt til dette. 

ASK-teamet jobbar for at barn og unge med behov for eit kommunikasjonshjelpemiddel skal få kunna læra å uttrykkja seg på best mogleg måte, og ikkje nødvendigvis berre forstå det som andre formidlar til dei. Til dette trengst det hjelpemiddel for formidling, og me arbeider for at nettverket rundt skal kunna få rettleiing og støtte i bruk av desse på alle arenaer.

 

Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år kan det vera ein eigendel.

Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenestar og kurset vil vera kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort (helsenorge.no).

Invitasjon blir send til foreldre av barn eller ungdom som har eller kunne hatt utbytte av ASK, og også til enkelte spesialavdelingar på skular. Foreldre blir oppmoda til å invitera med alle samarbeidspartnarar til workshopen.

Pasientar med oppfølging ved HABU kan ta kontakt med avdelinga på:

Telefon: 55 97 83 35

E-post: barnehab@helse-bergen.no 

Informasjon om ASK finn du på:

Rettleiarar for dei som jobbar med barn med behov for ASK i barnehage eller på skule:

ISAAC

  • Nettside: https://isaac.no  
  • ISAAC er ein internasjonal medlemsorganisasjon som arbeider for å betra kommunikasjonsmoglegheitene for barn og vaksne med omfattande kommunikasjonsvanskar og på nettsida til organisasjonen finnast det informasjon om ASK.


Tilbake til Kurs og grupper

Kurskalender for HABU

  • Foreldregruppe - søsken som pårørande
    Tilbod til foreldre med temaet å ta vare på søsken til barn med funksjonsnedsetjing.
    Foreldregruppe - søsken som pårørande
    30.
    mai
    2024
  • Foreldre på vakt
    Å styrkja føresette i omsorgsrolla deira ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg.
    Foreldre på vakt
    31.
    mai
    2024
  • Plutseleg vaksen
    Eit gruppebasert kurs for føresette om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.
    Plutseleg vaksen
    3.
    september
    2024
    2 dagar
  • Foreldrekurs (CFS/ME)
    Informasjon og oppdatert kunnskap frå dei ulike faggruppene som jobbar med CFS/ME på HABU.
    Foreldrekurs (CFS/ME)
    1.
    oktober
    2024
  • Seksuell helse og utviklingshemming
    Kurset tek opp fleire tema knytt til seksuell helse og å ha diagnosen utviklingshemming
    Seksuell helse og utviklingshemming
    1.
    oktober
    2024
  • Foreldre på vakt
    Å styrkja føresette i omsorgsrolla deira ved å ha fokus på vanlege foreldrereaksjonar og eigenomsorg.
    Foreldre på vakt
    2.
    oktober
    2024
Sist oppdatert 08.05.2024