Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Samarbeidsmøte
Under arbeidet med å finne gode løysingar på å forbetre samhandlingsbarrierar, vart det trekt fram at ulike former for samarbeidsmøte er nødvendige for at barnet eller ungdommen skal få ein heilskapleg og koordinert habiliteringsoppfølging. Deltakarane i prosjektet har beskrive nytteverdiane av gode samarbeidsmøte og utfordringar, og dei laga ein mal på korleis ein kan sikre at møta er nyttige for alle partar, og fører til utvikling/forbetring og nødvendige, konkrete avgjerder og handlingar.
For barn/ungdom og pårørende:
Tenestene framstår som samlet - felles fokus.
Godt klima der ein tør å komme med aktuelle problemstillingar.
Tydelegare fokus på ungdom/pårørande sine behov.
Pårørande veit kven som gjer kva.
Treng ikkje fortelje historia si mange gonger.
For tjenestene:
Alle tenestene blir verdsette - likeverdige tenester.
Ein jobber målretta.
Tydeleg avklaring på forventningar/arbeidsfordeling ansvarsområde.
Tid til førebuing og undersøke på førehand.
Koordinator/kontaktperson for ansvarsgruppa har ikkje alltid opplæring i møteleiing.
Alle har ikkje alltid same forståing for at systemet bør framstå samla.
At deltakerne har mandat til å ta sitt ansvar, og tek ansvaret sitt.
Manglande deltaking frå nødvendige aktørar.
Før møtet:
Beskrivande innkalling (saksliste) som er utarbeidd i dialog med pasient/føresette blir send ut i god tid.
Avklare referent.
Nødvendige avklaringar/kartleggingar blir gjorde før møtet.
Kan vere nødvendig med eit formøte utan pasient/pårørande (med samtykke) for å samordne tenestene.
Undervegs i møtet:
Presentasjonsrunde.
Møteleiar har ein plan for tida og går igjennom tidsplanen.
Tydeleg struktur og ramme i møtet – god møteleiing.
Alle tenester får høve til å uttale seg.
Alle i møtet er kjende med ansvarsoppgåvene til kvar enkelt i møtet.
Ein blir samde om kven som gjer kva og når.
Dato for neste møte blir bestemd.
Etter møtet:
Referat blir sendt ut til alle i kort tid etter møtet.