Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Om prosjektet Habilitering i Barn og unges helsetjeneste

Brukarrepresentantar, fagpersonar og leiarar på tvers av kommunar og helseføretak samarbeidde om å identifisere utfordringar og moglege løysingar

Det har lenge vore kjent at ein har behov for å forbetre samhandling mellom aktørane i habiliteringsoppfølginga til barn og unge. Ifølgje ein regional brukarinnsiktsrapport gjeld dette også for regionen vår. Ein av utfordringane er at dei ulike aktørane ikkje kjenner til kvarandre.

Målet til prosjektet Habillitering i Barn og unges helseteneste var å senke barrieren for samhandling ved at aktørane vart betre kjende med kvarandre. Prosjektet innhenta også verdifull kunnskap om utfordringar og moglege løysingar knytt til samhandling.

Deltakarane deltok på tre Samhandlingsdagar frå hausten 2024 til vinteren 2025. Omtrent 70 deltakarar frå HABU, 14 kommunar i opptaksområdet til Helse Bergen og brukermedverkarar deltok. Mange aktuelle tenester var representete: Avlastningsteneste, barnehage, barnekoordinator, ergo- og fysioterapitenesta, fastlege og kommunelege, forvaltning og KE, HABU, helsestasjon og skolehelsetenesta, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og skole.

Saman identifiserte deltakarane barrierar som finst for god samhandling i Bergensområdet, dei fann ut kva som fungerer bra i dag og korleis vi kan løysa samhandlingsbarrierane saman.

Denne nettsida er eit resultat av funna i prosjektet - deltakarane såg eitt behov for ein lett tilgjengeleg nettressurs med informasjon om habiliteringsoppfølginga. 

 

Tilbake til Habilitering i Barn og unges helsetjeneste

Sist oppdatert 28.03.2025