Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Aktørar

På denne sida finn du ei oversikt over aktørar som kan vere aktuelle å involvere i habiliteringsoppfølginga

Diagram

Personar og familiar med tyngande omsorgsoppgåver kan ha rett til avlastingstiltak eller anna pårørandestøtte. Dersom du som forelder eller annan omsorgssytar har særleg tyngande omsorgsarbeid skal kommunen tilby nødvendig pårørandestøtte.

Det finst ulike avlastningstilbod:

  • Avlastningtilbod i heimen, på institusjon og i besøksheim
  • Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
  • Hjelpemiddel
  • Omsorgsstønad
  • Tilrettelagd fritid (støttekontakt og ledsagerbevis)

Trykk på lenka for å finne avlastningstilbod i din kommunen din.

Barnehagen si rolle er å sikre at alle barn får eit inkluderande barnehagetilbod der dei kan leike, meistre, lære og utvikle seg.

I barnehageloven §2b står det at barnehagen skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi barnet eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom barnet har individuell plan skal barnehagen delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen. Barnehagen skal i tillegg til å følge opp enkelte barn, samarbeide med andre tenesteytarar slik at barnehagen og dei andre tenesteytarane kan ivareta oppgåvene sine.

Du kan lese meir om habilitering i barnehagen i denne rettleiaren frå Helsedirektoratet

Retten til barnekoordinator og koordinator i kommunen kjem mellom anna fram av helse- og omsorgstjenestelova §7-2 og §7-2a, spesialisthelsetenestelova §2-5a og pasient- og brukerrettighetslova §2-5b og c. Ta kontakt med koordinerande eining (KE) i din kommune om du har behov for koordinator eller barnekoordinator. 

Du kan lese meir om koordinatorrolla frå innsiktsarbeidet i prosjektet Habilitering i Barn og unges helseteneste.

Barnekoordinator

Familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester har rett til barnekoordinator.

Koordinator

Kommunen skal tilby koordinator til pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstenestelova. Dette gjeld uavhengig av om pasienten eller brukaren ønsker individuell plan.

Fysio- og ergoterapi er eit tilbod til barn som har utfordringar knytt til bevegelse, motorikk og utføring av daglege aktivitetar. Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Hovudmålet med tiltaka er å hjelpe barn til auka funksjon, meistring og deltaking i kvardagen. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege helsetilbod til barn og unge, og samarbeider med andre instansar ved behov.

Klikk her for å finne informasjon om ergo- og fysioterapi i din kommune

Fastlegen si rolle er å vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Viss vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, skal dei informere fastlegen om dette, slik at fastlegen kan ta dette inn i si heilskaplege vurdering.

Nokre av oppgåvene til fastlegen kan vere:

  • Medisinsk kartlegging, vurdering og råd
  • Legeerklæringer
  • Motta helseopplysninger
  • Støtte pasient og foreldre
  • Delta på samarbeidsmøter
  • Dialogmeldinger med andre tjenester
  • Videresende helseopplysninger med samtykke
  • Tilvise videre

Når du søker om helse- og omsorgstenester til kommunen så blir søknaden behandla av forvaltninga for helse og omsorg. Forvaltninga driv med saksbehandling, gjer vedtak og tildeler tenester innan helse og omsorg. Dei har informasjonsplikt. 

Ulike kommunar bruker ulike omgrep, nokre stader blir det kalla for vurderingskontoret og andre stader heiter det forvaltningskontoret. I nokre kommunar har dei delt forvaltninga i to; dei som behandlar søknadene og dei som tildeler tenestene. 

Kommunane skal ha ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering (KE). I mange kommunar er dette ei eiga eining i organisasjonen, medan i nokre kommunar er dette ei oppgåve som er tildelt enkelte personar. 

Nokre arbeidsoppgåver kan vere:

  • Kartlegge behov
  • Ha oversikt
  • Søke om helsetenester
  • Informere om helsetenester
  • Finne koordinator
  • Opplæring koordinator

Du kan lese meir om KE i din kommune her.

Du finn meir informasjon i veilederen om rehabilitering, habilitering, individuell plan og koordinator (www.helsedirektoratet.no).

Habiliteringsteneste for barn og unge (HABU) skal ivareta tverrfagleg utgreiing/diagnostisering og funksjonskartlegging av barn med medfødt eller tidleg oppstått funksjonsnedsetting. Kommunen har hovudansvar for habilitering av innbyggarane sine, og kan tilvise til spesialisthelsetenesta ved problemstillingar som krev kompetanse ut over det ein kan forvente frå kommunen.

Nokre arbeidsoppgåver kan vere

  • Rettleiing foreldre og kommunale tenester
  • Kartlegging og utgreiing
  • Tilbakemelde funn/diagnose
  • Hjelpemiddel og ortoser
  • Kurs
  • Atferdsteam

Les meir om HABU her

Helsestasjon og skulehelsetenesta er eit lågterskeltilbod for alle barn, unge og føresette. 

Nokre arbeidsoppgåver kan vere

  • Støtte til familien
  • Koordinator
  • Samtale med barnet
  • Samtale med foreldre

PPT samarbeider med barnehagar og skolar om førebygging og tidleg innsats, og er ein viktig rådgivande instans når barn eller unge har særlege behov. Ved bekymring for utviklinga eller læringa til eit barn eller ein elev, kan ein drøfte saka med PPT før det eventuelt blir ei formell sak. I tilviste saker skal PPT gjere ei sakkunnig vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skolen. 

Nokre arbeidsoppgåver kan vere

  • Kartlegging
  • Rettleiing
  • Søknader
  • Sakkunnig vurdering

PPT si rolle er heimla i Barnehagelova og Opplæringslova, og i begge lovane står det at dei skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi barnet eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom barnet har individuell plan etter anna lov og forskrift skal PPT delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen.

Det står videre at PPT skal, i tillegg til å følgje opp enkelte barn, samarbeide med andre tenesteytarar slik at alle tenesteytarane kan ivareta sine oppgåver etter lov og forskrift.

Du kan lese meir om habilitering i oppvekstsektoren i denne rettleiaren frå Helsedirektoratet.

Skolen si rolle er å sikre at alle elevar får eit inkluderande læringsmiljø der dei kan meistre, lære og utvikle seg. Ved uro for ein elev si utvikling, må skolen samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får hjelp og nødvendige tiltak.

Skolen følger Opplæringslova, og i §24-1 står det at skolen og SFO skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi eleven eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom eleven har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal skolen og SFO delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen.

Det står videre at skolen og SFO skal, i tillegg til å følge opp enkelte elevar, samarbeide med andre tenesteytarar slik at alle tenesteytarane kan ivareta sine oppgåver etter lov og forskrift.

Du kan lese meir om habilitering i skolen i denne rettleiaren frå Helsedirektoratet.

Lista over aktørar er ikkje utfyllande. Den er basert på arbeidet i samhandlingsprosjektet Habilitering i Barn og unges helseteneste i 2024 og 2025.

På toppen av sida ser du aktørkartet som prosjektet laga for habiliteringsoppfølging til barn og unge. Du kan laste det ned til eige bruk på denne lenka: Aktørkart A4 (PDF)

 

Tilbake til Habilitering i Barn og unges helsetjeneste

Sist oppdatert 28.03.2025