Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gåver og donasjonar

Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus behandlar sjuke barn frå heile Vestlandet.

Jente med fingermaling på henda. Foto

Behandlinga av pasientar er sjølvsagt fullt statleg fiansiert, men på førespurnad har Barne- og ungdomsklinikken oppretta ein konto for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre.

Pengane vil bli brukt til å gjere sjukehusopphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga, i form av trivselstiltak som for eksempel konsertar, leikar og utstyr til barna.​

Gåvepengane er også med på å finansiere kjøp av t​e​nester frå​​ Sykehusklovnene​.

Pengegåve

Gåvekontonummer for Barne- og ungdomsklinikken er: 1506.91.02856​
Ver vennleg å merke giroen med "R11392, BUK". ​

VIPPS: 542516, merk med R 11392, BUK.

Vi set også pris på om innbetalinga blir merka med namn og adresse på givar, slik av vi får høve til å takke for gåva.

Barne- og ungdomsklinikken oppfordrar elles om at gåver blir gitt til alle inneliggande barn, og ikkje til ei spesiell gruppe, då barn med ulike diagnosar ofte ligg på same avdeling. Vi ønsker at trivselstiltaka skal kome alle barna til gode.

Minnegåve

Dersom ein ønskjer å gi ei minnegåve er det fint om ein kontaktar klinikken i forkant for å oppgi namn på kontaktperson.

Leikar

Brukte leiker kan vi dessverre ikkje ta imot av omsyn til hygiene og smittefare.

Sist oppdatert 26.08.2023