Fysioterapi på Barne- og ungdomsklinikken

Fysioterapeutane undersøker barn både i forhold til motorisk utvikling og funksjonsnivå. Fysioterapeutane ved Barneklinikken arbeider både på sengepostane og i poliklinikken.

To kvinnelege fysioterapeutar med leikar på golvet. Foto
 

Fysioterapi er ein del av behandlingsteamet både ved behandling ved akutt sjukdom og i samband med langvarig behandling. Fysioterapeutane har ein eigen treningsal kor dei gir individuell behandling.

Barn og unge som kjem til poliklinikken for å trena med fysioterapeut held som regel til i treningssalen. For barn og unge som er på sengepostane kjem det heilt an på den einskilde om trening og behandling går føre seg i treningsal eller på sengeposten.​

​​Fysioterapeutane behandlar både barn og unge som er akutt sjuke, som er under rehabilitering og som har ulike kroniske sjukdommar.

Vanlege årsaker til vurdering og behandling av fysioterapeut er:

  • Motorisk utvikling hos for tidleg fødde barn
  • Kronisk lungesjukdom
  • Nevromuskulære sjukdommar
  • Funksjonsnivå hos barn med medfødde hjartelidingar. Fyljetilstandar ved kreft
  • Leddgikt

Fysioterapeutane på Barne- og ungdomsklinikken samarbeider tett med legar og pleiepersonale ved dei ulike sengepostane, med logoped, førskolelærar, lærar, spesialpedagog, sosionom og psykolog.