Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forsking ved Barne- og ungdomsklinikken

Forsking på barn kan vere særleg krevjande, men er viktig for at barna skal sikrast like gode helse- og omsorgstilbod som vaksne. Forsking er derfor ein viktig del av Barne- og ungdomsklinikken si verksemd.

Barne- og ungdomsklinikken deltar i omfattande forskingssamarbeid med andre institusjonar lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Mange av dei tilsette har også forskarstilling ved Universitetet i Bergen eller Høgskolen i Bergen.

Barneklinikken har eigen forskingspost leia av lege og med tilsette forskingssjukepleiarar, og Universitetet i Bergen har eit forskingslaboratorium knytt til Barne- og ungdomsklinikken.

Grunnforsking og klinisk forsking

Forskinga omfattar grunnforsking, særleg i forhold til diabetes og sirkulasjon, og klinisk forsking. Klinisk forsking omfattar utprøving av legemiddel, undersøking av normal vekst og utvikling hos barn, og av langtidsprognose og effekt av behandlings- og omsorgsmessige tiltak ved ulike sjukdommar og potensielle risikotilstandar.

Det kan for eksempel vere tydinga av overvekt, hjartesjukdom og for tidleg fødsel med tanke på seinare helse og sosial funksjon.

Å leve med kronisk sjukdom og funksjonsnedsetjing verkar inn på dei fleste område i livet, og ikkje minst psykososiale aspekt har vist seg å ha stor tyding for korleis foreldre, barn og ungdom taklar sjukdommen. Tydinga av å identifisere problem på eit tidleg tidspunkt er eit av dei viktige forskingsspørsmåla.

Fire forskingsgrupper

Det meste av forskinga ved Barneklinikken er knytt opp mot fire forskingsgrupper:

Center for Diabetes Research

Research Group for Paediatric follow-up Studies

Diabetes Research Group for BEST Practice (DiaBEST)

og Research Group for Congenital Heart and Vascular Physiology.


Kva er føremålet med forskinga?

Føremålet med forskinga er å gi barn betre behandling, omsorg og oppfølging. Når vi forskar på barn med sjukdommar eller funksjonsnedsetjingar, er det ofte nødvendig å inkludere friske barn for å sjå kva som er forventa vekst og utvikling. Desse barna vil då tene som kontroll- eller referansegrupper.

Derfor vender vi oss ofte til familiar for å spørje om dei og barna er villige til å delta i forskingsprosjekt, og vi møter stor velvilje. Men vi spør aldri om deltaking utan at prosjektet på førehand er godkjent av ein regional forskingsetisk komite (REK). Det inneber blant anna at alt som blir samla av opplysningar, blir lagra på ein slik måte at berre dei ansvarlege for prosjektet har innsyn. 

Sist oppdatert 27.12.2023