Tenesta omfattar også diagnostikk og behandling av:
- perineale hypospadiar
- alle grader av hypospadi dersom ikkje begge testiklar ligg i pungen
- pasientar med kjønnskromosommosaikkar (for eksempel undergrupper av Turner syndrom)
- pasientar med medfødde syndrom som omfattar genitale misdanningar
- pasientar med manglande eller ufullstendig utvikling av pubertet som følgje av feil i somatisk kjønnsutvikling og seint-debuterande kongenitt binyrebarkhyperplasi (CAH) hos jenter
I tråd med dette omfattar tenesta diagnosar innan desse ICD10-kodene: E25, E28-30, E34, Q50-56, Q64 og Q96-98.
Tverrfagleg team
Undersøking og behandling av desse tilstandane krev høgt spesialisert kompetanse frå ulike faggrupper, og det er difor oppretta team koordinert av lege ved Barne- og ungdomsklinikken. Her inngår barnelege, barne- og ungdomspsykiater, gynekolog, plastikkirurg og sjukepleiar. I tillegg er det etablert fast samarbeid med barnekirurg og genetikar. Oppfølging vil i dei fleste tilfelle strekke seg heilt inn i vaksenalder.
For å sikre god kvalitet og einsarta behandlingstilbod, er tenesta sentralisert til ei fleirregional behandlingsteneste lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssykehus.
Tilvising
- Ved akutte tilvisingar som gjeld nyfødde kan lokal barneavdeling kontakte vakthavande barnelege på nyfødt intensivavdeling på Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus eller Oslo universitetssykehus.
- For tilvisingar som ikkje er akutte, kan barnelege eller lege i primærhelsetenesta ta kontakt på telefon eller sende søknad til:
Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
Barne- og ungdomsklinikken
Seksjon for endokrinologi og metabolisme
Postboks 1400
5021 Bergen
eller
Oslo universitetssykehus
Kvinne- og barneklinikken
Barnemedisinsk avdeling
Barnesenteret/Henvisning
Ullevål sykehus
Postboks 4956 Nydalen
0424 Oslo