Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Tegning av barn som leker, svømmer og klatrer

Mestringsuker

Energisenteret jobbar med utprøving og etablering av Mestringsuker. Her får barn og unge med kronisk sjukdom tilbod om ein heilhetleg behandling, der fysisk aktivitet og meistring står i sentrum.

 

Energiteamet BUK arrangerer Mestringsuker for barn og unge med langvarig sjukdom som har oppfølging i Helse Bergen. Mestringsuker er eit heilhetleg behandlingstilbod der ein har som mål å gje barn, unge og deira føresette helsekompetanse samt gjere dei robuste til å handtera eigen kvardag. Fysisk aktivitet er ein viktig del av behandlingstilbodet.

Under Mestringsukene får barn og unge erfaringar med å meistre eiga sjukdom gjennom fysisk aktivitet og undervisning. Behandlingstilbodet føregår i ei gruppe på 6-8 barn med ein føresatt til stades og går over ei veke. Aktivitetane føregår i hovedsak i Energisenteret for barn og unge. Energiteamet BUK arbeider med individuelle mål for at kvart enkelt barn skal få mest mogleg utbytte av veka. Kunnskapen ein får undervegs i behandlingsopphaldet blir overført til heimstaden, slik at erfaringane blir ein integrert del av kvardagen til barnet/ungdommen etter endt opphald.

Mestringsuka består av gruppebaserte aktivitetar i gymsal, basseng, på sjukehusskule og på VR-rom. Me har òg samtalegrupper med undervisning og rom for refleksjon. Nokon av aktivitetane føregår utandørs i nærmiljøet. I nokon aktivitetar er barn/ungdom og føresatt saman, medan i andre aktivitetar er gruppene delt.  

Mestringsukene arrangerast av Energiteamet BUK som er eit tverrfagleg team beståande av ergoterapeut, fysioterapeut, idrettspedagog og sjukepleiar. Energiteamet BUK samarbeider tett med fagmiljøa for å sikre fagspesifikt innhald.  

Tilbodet er tilrettelagd for barn og unge med langvarig sjukdom som har oppfølging i Helse Bergen og er i alderen 11-13 år.  

Mestringsukene er førebels eit prosjekt der følgjande pasientgrupper har vore inkludert til no: 

  • barn/unge med hjartesjukdom 

  • barn/unge som har hatt brannskade 

  • barn/unge som har hatt kreft 

  • barn/unge med langvarig smerteproblematikk

  • barn/unge med leppe-kjeve-ganespalte

  • barn/unge som er prematurfødt

  • barn/unge med nevrologisk grunndiagnose som har gjennomgått ortopedisk kirurgi 

Energisenteret for barn og unge

energisenteret@helse-bergen.no
Sist oppdatert 24.05.2024