
Den erfarne sjukepleiaren Anette Særvold, svarer telefonen fredagar frå 09:00 til 11:45 og frå 12:30 til 15:00. (Telefonen er stengd 2. juni 2023, og mellom veke 26 og veke 33 i sommar).
Synstelefonen er ei teneste der personar kan ringe inn med spørsmål om syn, augeplager eller synsrehabilitering, og få råd og anbefalingar.
Personar som har spørsmål på eigne vegne, men og pårørande og andre, kan bruke tilbodet.
Tips gjerne pasientar om denne moglegheita!
Synstelefonen er finansiert av Norges Blindeforbund sitt forskingsfond og er først og fremst eit prøveprosjekt som varer ut 2023.
OBS! Når ein ringer Synstelefonen blir det registrert anonyme opplysningar for å betre tenesta. Ingen opplysningar kan knyttast til innringar.
Telefonen er stengd 2. juni 2023, og mellom veke 26 og veke 33 i sommar.