Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Jobbe hos oss ved Augeavdelinga?

Kan du tenke deg å jobbe med syn og augehelse? Synet er ein av våre viktigaste sansar, om lag 80% av alle stimuli og sanseinntrykk me oppfattar skjer gjennom synet. Me jobbar tverrfagleg for å ivareta augepasientar i alle aldersgrupper og har ein stor poliklinikk i tillegg til operasjon, dagkirurgi og dagpost.

Diagram

Korleis er Augeavdelinga organisert?

Augeavdelinga er lokalisert i Augebygget og er ein del av Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er organisert i 4 seksjonar. Ein seksjon for legetenester, ein for kontortenester, ein for operativ verksemd og seksjon for poliklinikk og dagbehandling. I tillegg har avdelinga sengeplassar i klinikk for hode-hals, og nyttar pasienthotellet. Avdelinga får henvisninger frå avtalespesialistar, allmennlegar, optikarar og legevaktslegar. I tillegg gjer me tilsyn på pasientar som er inneliggande i andre avdelingar i sjukehuset.

Me er den største augeavdelinga i Helse Vest og utfører om lag 48 000 behandlingar pr.år, av desse er ca 4000 dagkirurgiske, og dekkar alle funksjonar innan augebehandling. Augeavdelinga har polikliniske og dagkirurgiske pasienter, døgnpasientar og øyeblikkelig hjelp. Me har hatt ei stor auke i aktivitet dei siste åra, og den veksten vil fortsette med stadig fleire eldre. 

Augeavdelinga utgreier og behandlar hyppige og sjeldne augesjukdommar hos båe born og vaksne. Avdelinga har fleirregional behandlingsteneste for behandling av kreft i auget. Ein stor del av drifta dreier seg om pasientgruppa våt makuladegenerasjon (AMD), og pr år vert det derfor utført ca 14.000 intravitreale injeksjonar (injisering av medikament i auget).

Arbeidstida er primært måndag til fredag på dagtid, men me har og eit vaktteam som tar i mot pasientar til øyeblikkelig hjelp, og i periodar kveldspoliklinikk. Operasjonssjukepleiarane tar del i avdelinga sin vaktberedskap med heimevakter kveld, natt og helg.

Forskning og utdanning av helsepersonell er og viktige oppgåver i Augeavdelinga.

Kven jobbar på Augeavdelinga?

  • Overlegar
  • Legar i spesialisering
  • Sjukepleiare
  • Operasjonssjukepleiarar
  • Augesjukepleiarar
  • Optikarar
  • Ortoptistar
  • Helsefagarbeidarar
  • Fotograf
  • Helsesekretærar
  • Sekretærar
  • Assistentar
  • Forskarar og labassistentar
  • Studentar

Vil du vite meir om Auge poliklinikk?  

Vil du vite meir om Auge operasjon?   

Informasjonsvideoar om augesjukdom 

Kva skjer i Augeavdelinga?

    Sist oppdatert 16.10.2024