Vestlandspasienten

Vestlandspasienten er eit tilbod til deg som er pasient i Helse Vest. Her får du oversikt over timeavtalane dine på sjukehuset, og det blir enklare for deg å få kontakt med sjukehuset. 

dame snakker med pasient.foto
 
Alle som er pasientar ved eitt av sjukehusa i Helse Vest kan no logge inn og sjå oversikt over timane sine. Du har også tilgang til ei rekkje andre funksjonar. Dette gjeld også pasientar ved dei private ideelle sjukehusa. 


Funksjonane​ på vestlandspasienten.no:

Bekreft at du kjem til timen og send melding

I tillegg til å sjå timen din kan du også bekrefte at du kjem til timen, og du kan sende ei melding til sjukehuset om du har spørsmål om timen, ønskjer å endre time, eller vil avslutte behandlinga. Alle vil få svar i løpet av to arbeidsdagar. Er timen din ein røntgentime, kan du ikkje sende melding til sjukehuset (unntatt i Helse Førde). Då kan du ta kontakt med sjukehuset på telefon.
Du kan ikkje sende melding om det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din. Då kan du kontakte sjukehuset på telefon.

Fortsatt brev i posten

Denne sida vil ikkje erstatte innkallingsbrevet som du får i posten, og vi oppmodar deg til å lese dette. Dersom du ikkje kan møte, ta kontakt med ein gong. Du må rekne lengre ventetid om du flyttar timeavtalen din.

Sjå status på tilvisinga di

Lurer du på korleis det ligg an med tilvisinga di? No kan du følje med sjølv. Når du loggar deg på via vestlandspasienten.no og kjem inn på «Mine timeavtalar» vil du få tre val: Du kan velje om du vil sjå timane dine eller tilvisingane dine og du kan sjå kontakthistorikken du har med sjukehuset. Vel du tilvisingar, kjem du inn på ei side ikkje ulik den for timeavtalar, men her får du opp tilvisinga di som er sendt frå, for eksempel, fastlegen din. Det står kven som sendte ho, når ho blei registrert på sjukehuset, og kva som er status.
Når vurderinga er gjort vil du alltid få eit brev i posten med grunngjevinga og korleis du kan klage om du ikkje er einig i avgjersla. Når du får tildelt ein time vil den legge seg under "Mine timeavtalar" på vestlandspasienten.no. Du får også brev i posten med informasjon om timen.

Innsyn for pårørande

Har du barn under 12 år, kan du få innsyn i timane og tilvisingane deira og du kan sende meldingar på vegne av dei. Dette gjeld også for personar over 18 år om dei har gitt fullmakt til at andre skal gjere dette på vegne av dei. Du logger deg på via vestlandspasienten.no på vanleg måte, og øvst oppe finn du ein nedtrekksmeny kor du kan velje namnet til den personen det gjeld. Klikk på namnet og du vil få opp timeavtalene og tilvisingane deira. 
Løysinga vil bli utvida etter kvart og det vil bli lagt til fleire tenester i løpet av 2015 og 2016.