I samarbeid med medarbeidarar, tillitsvalde og leiarar skal vernetenesta i helseføretaket bidra til at helse, miljø og sikkerhet skal vera ein sjølvsagt del av arbeidsdagen.
Føretakshovudverneombod
Helse Bergen har eit føretakshovudverneombod (FHVO) og eit vara føretakshovudverneombod, og begge er frikjøpt i 100 prosent stilling.
Føretakshovudverneombodet har det koordinerande ansvaret for vernetenesta. Kvar klinikk eller divisjon ved føretaket har sitt eige hovudverneombod (HVO), til saman 26, som har koordineringsansvar i sitt område.
Dei vel 280 verneomboda i Helse Bergen har ansvar for sine verneområde som er definert i dei ulike klinikkane / divisjonane. Verneombodet skal takast med på råd under planlegging og gjennomføring av tiltak som har noko å seie for arbeidsmiljøet innanfor ombodets verneområde.
Oppgåvene til verneomboda er omtalt i Arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter og i føretaket si HMS-handbok.
Arbeidsmiljøloven - § 6-2. Verneombodets oppgåver
Føretakshovudverneomboda:
Ingeborg Sævareid
Telefon 55 97 33 81
Mobil 99 55 22 28
Ingunn Toft
(vara)
Mobil 454 31 218
Strategi for verneomboda
Helseføretaka er i konstant endring og utvikling, og verneomboda må vere i stand til å møte endringane som kjem og derfor trenger vi denne strategien. Saman med verneomboda i dei andre helseregionane har vi blitt samde om dei overordna måla i denne strategien. Verneomboda i Helse Vest har saman utarbeidd tiltaka under kvart mål.
Strategi for verneomboda (pdf)Verneombodsarbeid - slik kan det gjerast (pdf)