ZanArt

Kunstprosjekt på Zanzibar

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har hatt eit godt samarbeid med Kidongo Chekundu Mental Hospital (KCMH) på Zanzibar innan rusmedisin sidan 2013.

Pastient ved KCH malar
 

​ZanArt prosjektet vart initiert i februar 2016, og starta av ein gruppe lokale kunstnarar på Zanzibar i samarbeid med ein psykolog på utveksling frå Avdeling for Rusmedisin på HUS.

I prosjektet reiser tilsette frå HUS og KCH på utveksling til kvarandre i opptil eitt år, med eit langsiktig mål om å auke si eigen kompetanse på årsakar, risikoar, prosessen og prognosane forbundet med skadeleg bruk eller avhengnad av rusmidler (inkludert alkohol).

Målgruppa for ZanArt prosjektet er innlagte pasientar frå psykiatrisk avdeling og pasientar frå Metadon Klinikken ved KCH. I tillegg til avhengnad av rusmidler slit fleire deltakarar i ZanArt prosjektet med psykiske helseproblem, som schizofreni, depresjon og angst.

Kunstøktene vert gjennomført to gangar i veka. Her står deltakerane fritt til å enten male, teikne, eller berre observere. Prosjektet gir deltakarane ein moglegheit til å uttrykke seg kreativt. Ved å skape eit kunstverk får dei kjenna på mestringsfølelse. Eit anna potensielt utfall er at dei kan oppleve stressreduksjon og økt sjølvinnsikt.

Etter kvar økt samlas deltakarane for å snakke om deira tankar og idéar omkring verket. Dei vert motivert til å dele utfordringar i livet deira, og får ein sjanse til å identifisere seg med andre med tilsvarande erfaringar.
Personar som har en avhengnad av rusmidler og/eller psykiske helseproblem vert ofte stigmatisert på Zanzibar, og er ofte ekskludert frå lokalsamfunnet. Utan støtte frå samfunnet vert dei sett på som ei stor byrde av familien, som då må ta seg av dei. ZanArt prosjektet ønskjer å gje deltakarane ei kjensle av tilhørsla og sosial integrering.

Gjennom å stille ut kunstverka forsøker ZanArt å auke forståinga for avhengnad av rusmidler og/eller psykiske helseproblem på Zanzibar.

 

Her kan du sjå fleire bilete av kunstverka

 

På bilete: To av dei lokale kunstnarane som starta prosjektet